Hardanger Biogass AS søkjer om løyve til etablering av biogassanlegg på Husnes

Høyringsfrist:
19. april 2024

Dei søkjer om å ta imot inntil 120 000 tonn substrat på Husnes i Kvinnherad. Frist for uttale til søknaden er 19. april 2024. 

Publisert 12.03.2024

Biogassanlegget skal handtere husdyrgjødsel og fleire andre substrat

Søknaden gjeld behandling av inntil 75 000 tonn husdyrgjødsel, 12 000 tonn fiskeslam, 20 000 tonn fiskeensilasje, 1750 tonn frityr/feitt frå feittutskiljar og 6500 tonn glykol.  

Bruk av bioresten 

I søknaden skisserer Hardanger Biogass AS at bioresten skal brukast lokalt i landbruket som gjødsel, og at det også skal utviklast produkt av bioresten som kan brukast andre stader i landet. 

Luktreinsing

Hardanger Biogass AS planlegg å reinse lukta som vil oppstå i anlegget gjennom luktreinsetrinn.

I luktreinsinga er det lagt eit ekstra fokus på lukt frå mottakstank for fiskeensilasje. Det er planlagt at avtrekk frå denne tanken vert ført til eit filter med termisk oksidasjon som brenn av gassane. Luftstraumen vil bli ført vidare til samlekasse og mineralsk biofilter for vidare reinsing.

Det er planlagt at luftstraumar frå tankar med husdyrgjødsel, fiskeslam mv. skal ha ei forbehandling i eit mineralsk forfilter. Det er planlagt at reinsa luft skal førast ut i ein 20 meter høg skorstein. Det er gjennomført ei luktspreiingsanalyse. Den finn ein i søknaden som ligg vedlagt.

For å dokumentere reinsinga av luftstraumane planlegg Hardanger Biogass AS å måle på fleire luktindikatorgassar etter dei ulike reinsetrinna, i tillegg til å gjennomføre luktmålingar med luktpanel.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2023/15542. Frist for å gje fråsegn er 19. april 2024.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.