Nordic Rutile søkjer om løyve etter forureiningslova for utfylling i sjø for landvinning - Engebø i Sunnfjord kommune

Høyringsfrist:
21. september 2022 23:59

Nordic Rutile AS søkjer om løyve etter forureiningslova til utfylling av ca. 30 000 m³ sprengstein i sjø, over eit areal på ca. 6 000m2 ved gnr/bnr. 431/3, 431/6, og 431/10 i Sunnfjord kommune.

Publisert 24.08.2022

Om tiltaket

Utfylling i sjø for å etablere industriareal skjer i samsvar med gjeldande reguleringsplan for området, "detaljregulering for utvinning av rutil i Engebøfjellet", sist endra 1. juli 2021. 

Tidsperiode for planlagt gjennomføring av tiltaket er frå oktober 2022 til januar 2023 og skal gjennom heile perioden føregå bak siltgardin.

Om søknad om løyve til tiltak i sjø

Løyve etter forureiningslova til tiltak i sjø vil mellom anna

  • regulere korleis arbeidet med tiltaka i sjø skal utførast,
  • kva avbøtande tiltak som skal nyttast og
  • korleis overvaking skal utførast slik at fare for forureining og negativ påverknad på omkringliggjande interesser blir redusert til ein akseptabel risiko.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta, inkludert høyringsbrevet, finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med saksnummer 2022/11351. Frist for å gje fråsegn er 21. september 2022.

Alle fråsegner blir registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.