Søknad om utsleppsløyve for Eikefjord vassverk i Kinn kommune

Høyringsfrist:
21. august 2022 23:59
Nytt vassbehandlingsanlegg skal etablerast nord for Hovlandsvegen om lag 1,2 kilometer frå Eikefjord sentrum.
Nytt vassbehandlingsanlegg skal etablerast nord for Hovlandsvegen om lag 1,2 kilometer frå Eikefjord sentrum.

Kinn kommune skal etablere nytt vassbehandlingsanlegg, og søkjer om løyve etter forureingslova for utslepp frå Eikefjord vassverk til Hamnaelva. Prosessvatn frå årleg hovudvask skal samlast opp i containerar og leverast til godkjent mottak. 

Publisert 05.07.2022

Bakgrunn

Eikefjord vassverk skal etablerast som nytt vassbehandlingsanlegg med membranfilter for reinsing av råvatn frå Vassbotnavatnet. Produksjon av reint vatn skal vere på 45 m3/t i snitt per døgn, totalt 1080 m3 per døgn.

Membranfiltera vil bli vaska ein gong om dagen. Restvatn etter vask som inneheld skyljemiddel og klorløysing, vil bli overført til ei tank før det blir sleppt ut i Hamnaelva. Utslepp frå tanken til elva vil skje jamt over døgnet. Utsleppet vil òg innehalde konsentrat. Innhaldet i konsentratet er det same som i råvatnet, men med tre gonger så høg konsentrasjon. Under kontinuerleg vassproduksjon vil òg 25 % av mengde råvatn bli ført direkte til elva. Dette utsleppet utgjer mellom 2 til 4 l/s konsentrert råvatn.   

Det er ikkje mogleg i dag å knytte utsleppa frå vassverket til kommunalt avløpsnett. Avløpsnettet er planlagt bygd ut samstundes med at ny gang- og sykkelsti langs Hovlandsvegen blir etablert.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende på e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller per post til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med referansenummer 2021/16781. Frist for å gje fråsegn er 19. august 2022.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.