Kystverket søkjer om løyve til mudring i innseglinga til Florø i Kinn kommune

Høyringsfrist:
8. juli 2022 23:59
Kartutsnitt med mudringsområda markert i raudt. Når ein mudrar flyttar ein sand, slam og stein på havbotnen frå ein stad til ein anna for å gjere sjøen djupare. Undervassprenging vert òg rekna som mudring.
Kartutsnitt med mudringsområda markert i raudt. Når ein mudrar flyttar ein sand, slam og stein på havbotnen frå ein stad til ein anna for å gjere sjøen djupare. Undervassprenging vert òg rekna som mudring.

For å auke tryggleiken og evna til å kome seg fram i innseglinga til Florø i Kinn kommune, søkjer Kystverket om løyve til mudring ved seks delområde i Florevika til -19,3 meters djupne.

Publisert 08.06.2022

Kystverket søkjer om å mudre totalt 108 000 m3 faste massar ved seks delområde i Florevika i Kinn kommune. Søknaden er avgrensa til å gjelde mudring. Eventuell bruk av muddermassane til utfyllingsformål er ikkje ein del av søknaden.

Søknaden gjer greie for bakgrunn for tiltaket, planlagt metode og omfang, naturmangfald og naturverdiar, fiskeri- og havbruksinteresser i nærleiken av tiltaksområdet, vurdering av tiltaket sin påverknad på naturmiljøet og forslag til avbøtande tiltak.

Det er registrert fleire naturverdiar i nærleiken av tiltaksområdet, mellom anna gytefelt for torsk, oppvekst-, beite- og gyteområde for sild og torsk, naturreservata Indre-Ånnøy og Nekkøytåa og Nærøyane fuglefredingsområde, tette førekomstar av stortare og sukkertare, samt ventemerder og vassinntak til Byakvariet og Slakteriet AS.

Det er føreslege å avgrense anleggsperioden til perioden frå 1. mai til 31. januar ut frå omsyn til naturmangfaldet.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende på e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller per post til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med referansenummer 2022/6266. Frist for å gje fråsegn er 8. juli 2022.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.