Westland Waste AS søkjer om løyve til mottak og lagring av avfall i Sløvåg

Høyringsfrist:
24. mai 2022 23:59
Kartutsnittet viser Sløvågen i Gulen kommune.
Kartutsnittet viser Sløvågen i Gulen kommune. Foto: Kartutsnitt frå fylkesatlas.

Det er søkt om mottak og lagring av 15 000 tonn/år avfall, 5 000 tonn/år metall og 7 000 tonn/år farleg avfall hovudsakleg frå offshore industrien. Innandørs lagring av farleg avfall vil vere heilt tett og ikkje tilknytt utsleppspunkt.

Publisert 12.04.2022

Om saka 

Westland Waste AS er eit datterselskap av Wergeland-Halsvik AS. Avfallet vil hovudsakleg bli levert til anlegget med skip til kai hos Wergeland industrihamn eller med lastebil. 

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2022/2141. Frist for å gje fråsegn er 24. mai 2022.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.

Høyringsfrist:
24. mai 2022 23:59