Voss herad søkjer om endra utsleppsløyve for Voss tettstad

Høyringsfrist:
1. april 2022 23:59
Kart som syner plasseringa av Voss reinseanlegg (brun firkant), utsleppsleidning og utsleppspunkt for reinseanlegget. Henta frå Fylkesatlas 9. november 2021.
Kart som syner plasseringa av Voss reinseanlegg (brun firkant), utsleppsleidning og utsleppspunkt for reinseanlegget. Henta frå Fylkesatlas 9. november 2021.

Voss herad søkjer om reduksjon av reinsekrava i løyvet til Voss reinseanlegg, slik at krava samsvarer med gjeldande forskriftskrav. Mindre strenge reinsekrav vil føre til bl.a. mindre bruk av kjemikalier. 

Publisert 28.02.2022

Bakgrunn

Statsforvaltaren er i gang med å revidere alle utsleppsløyve for avløpsvatn omfatta av forureiningsforskifta kapittel 14, som er eldre enn 10 år. Målsettinga for revisjonane er å gjere krava som vert stilt meir i samsvar med prinsippa i EU sitt avløpsdirektiv. Dei reviderte løyva vil følgje ein eigen mal som skal sikre lik praksis i regulering av avløpsbransjen over heile landet.

Om søknaden

Gjeldande utsleppsløyve for Voss tettstad er datert 22.1.2008 og er eit av løyva som skal reviderast i Vestland fylke. I samband med Statsforvaltaren sin planlagde revisjon av utsleppsløyvet, har Voss herad søkt om å få endra reinsekrava i løyvet. Gjeldande løyve stiller strengare krav til reinsing av organisk stoff og fosfor enn standardkrava for avløpsanlegg i forureiningsforskrifta. Voss herad søkjer om reduksjon av reinsekrava slik at dei samsvarer med forskriftskrava.

Voss reinseanlegg har utslepp til Vangsvatnet (sjå kartet). I søknaden visar heradet til at vasskvaliteten i Vangsvatnet har vore i stadig betring sidan slutten av 1970- talet, og at nyare resipientundersøkingar visar gode resultat med liten påverknad av eutrofiering. Konsekvensane av endra reinskrav er vurdert i eige notat frå Rådgivende Biologer AS. Konklusjonen er at reduserte reinsekrav ikkje er venta å medføre endra miljøtilstand i Vangsvatnet.

Voss herad viser vidare til at dei skjerpa reinsekrava som anlegget hittil har hatt, medfører eit større forbruk av kjemikaliar i reinseprosessen enn det som vil vere naudsynt ved mindre strenge standardkrav. Positive sider knyta til mindre strengare reinsekrav vil dermed vere mindre bruk av kjemikaliar ved anlegget, mindre klimautslepp knyta til transport av kjemikaliar og mindre aluminium i slamproduktet ut frå anlegget.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida. Høyringsfrist er 1. april 2022.

Merknadar til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller sende per post til Statsforvaltaren i Vestland, Statens hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med referansenummer 2019/7256.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn. Useriøse uttalar vert ikkje vurderte.

 

Høyringsfrist:
1. april 2022 23:59