Søknad om massedeponering i Sørfjorden i samband med bygging av E16 og Vossebanen

Høyringsfrist:
17. september 2021 23:59

Statens vegvesen og Bane Nor søkjer løyve etter forureiningslova til deponering i sjø av maksimalt 9 mill. kubikk overskotsmassar frå tunellbygging på tre stadar i Sørfjorden. Frist for uttale er 17. september 2021. 

Publisert 30.06.2021

Om løyvet etter forureiningslova

Statleg reguleringsplan for E16 og Vossebanen, Arna–Stanghelle og søknad om løyve etter forureiningslova vert lagt ut til offentleg ettersyn samstundes. 

Arealbruken, medrekna sjødeponi, vert godkjend av departementet i statleg plan etter plan- og bygningslova. Statsforvaltaren sitt løyve etter forureiningslova vil gje vilkår for utføring av anleggsarbeidet knytt til utfylling av overskotsmassar i sjø slik at risiko for forureining og negativ påverknad vert akseptabel.

Overskotsmassar

E16 og Vossebanen Arna–Stanghelle-prosjektet består av tre 8–10 km lange tunnelar for veg og bane i eit bratt og rasutsett område med særdeles knappe areal til anleggsdrift og lagring av massar. Dei tre tunnelane genererer rundt 11.5 mill. am3 (am3 = anbrakte massar i fylling). Om lag 1 mill. am3 skal knusast i fraksjonar som skal gjenbrukast i prosjektet. 10,5 am3 er overskotsmassar. 

Målet er å finne samfunnsnyttig bruk innanfor akseptable kostnader, miljøverknader og klimagassutslepp. Der desse vilkåra er til stades, vil prosjektet inngå intensjonsavtalar om levering av stein til eksterne mottakarar. Per i dag er det avklara ein slik avtale som omfattar inntil 1,6 mill. am3 frå tunnelstrekninga Arna–Trengereid.

Søknad om sjødeponi

Omsøkt totalvolum er inntil 9 mill. am3 fordelt på tre lokalitetar, eitt sjødeponi for kvar tunnelstrekning. For kvar av dei tre tunnelstrekningane er det planlagd transporttunnelar
(anleggstverrslag) til mellombelse, flytande kaianlegg ved fjorden. Herfrå kan steinen fraktast til
eksterne mottakarar med lekter/båt eller førast direkte ned til sjødeponi, eventuelt ein kombinasjon.

I framlegg til reguleringsplan er det teke med fire alternative plasseringar av sjødeponi for tunnelstrekninga Stanghelle/Helle–Vaksdal og to alternativ for tunellstrekninga Vaksdal–Trengereid og ein lokalitet for tunnelstrekninga Trengereid–Arna. Statens vegvesen har prioritert blant alternativa og dette er beskrive i søknadens pkt. 2.3, 2.4 og 2.5.

 

Risiko for forureining og forslag til avbøtande tiltak

Statens vegvesen har undersøkt sjøbotn der deponia er tenkt plasserte og undersøkt fjordens lagdeling, straumforhold og hydrografi. Dette er beskrive i kapittel 4 i søknaden og vedlegg 4 og 7.

Potensiell påverknad på naturmiljøet av ulike forureiningskjelder som oppstår under anleggsarbeid er risikovurdert og beskrive i søknadens kapittel 5 og vedlegg 3. Det gjeld partikkelspreiing, plastforureining, nitrogenforbindelsar, oljesøl frå maskiner, seksverdig krom frå sprøytebetong, spreiing av miljøgifter i sediment og undervasstøy. Konsekvensutgreiinga med tilhøyrande undersøkingar viser at potensielle negative miljøverknader for oppdrettsfisk, villfisk og marint dyre- og planteliv primært gjeld i anleggsfasen dersom tiltaket gir spreiing av finpartiklar i øvre lag i fjorden (fotisk sone).

Nødvendig avbøtande tiltak for å redusere forureining og negativ påverknad til eit akseptabelt nivå er beskrive i søknadens kapittel 6. I kapittel 2.2 og 6 er det beskrive nedføringsmetode og forslag til avbøtande tiltak for å redusera skadeverknader for det marine miljøet og oppdrettsanlegga i fjorden. Mellom anna er det utvikla og føresett ein lukka nedføringsmetode som hindrar frigjering av finstoff i fotisk sone ned til 40-50 meter under overflata. I eit slikt lukka system vil også plastrestar kunne samlast opp. Deponia vert avslutta på minus 50 meter.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida. Høyringsfrist er 17. september 2021.

Merknader til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller sende per post til Statsforvaltaren i Vestland, Statens hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med referansenummer 2019/20103.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn. 

Uttale