Oppstart av revisjon av vernereglar for Herdla naturreservat

Høyringsfrist:
30. august 2021 23:59
Herdlevalen.
Herdlevalen. Foto: Magnus Johan Steinsvåg.

Statsforvaltaren i Vestland startar opp arbeid med revisjon av vernekart og vernereglar for Herdla naturreservat. Det skal òg utarbeidast ny forvaltingsplan for området. Du er velkommen til å komme med innspel innan 30. august 2021.

Publisert 24.06.2021

Viktig våtmarksområde

Herdla har lenge vore rekna som ein av dei viktigaste lokalitetane for fuglelivet i Vestland, og området er klart den viktigaste lokaliteten for overvintrande sjøfugl og som rasteplass for trekkande vadefugl i Vestland. 

Vernereglane er «utdaterte»

Herdla naturreservat med kringliggjande fuglelivsfredingsområde blei oppretta ved kongeleg resolusjon den 28. juni 1985, etter først ha vore mellombels verna etter naturvernlova sidan 11. juni 1980. Løysinga som blei valt i 1980, var eit naturreservat som omfatta Herdlevalen og eit stykke ut i sjøen på nordsida, omslutta av eit større fuglelivsfredingsområde (sjå vedlagt kart). Etter om lag førti år som verneområde er det no behov for å revidere både vernekartet og verneforskrifta, og vi ønskjer å få på plass meir tidsmessige løysingar for verneområdet.

Situasjonen er endra på fleire område som påverkar forvaltinga av området:

  • Herdleflaket. Fram til 1990 blei det tatt opp store mengder av sand på Herdleflaket, noko som gjekk hardt ut over fuglebestandane på Herdla. Naturtilstanden på Herdleflaket har betra seg markant sidan opptaket vart stoppa, og det marine naturmiljøet er no rekna for å vere restaurert. Sidan den tid har fuglebestandane tatt seg opp, og det er naturleg å diskutere om naturmiljøet no treng meir skydd slik at vi kan ta vare på dei auka naturverdiane.

  • Forsvaret si rolle. Herdla har lenge vore viktig i militær samanheng. Spora etter 2. verdskrig er tydelege, og det finst mange krigsminne på øya. Etter krigen overtok det norske forsvaret mykje av infrastrukturen på Herdla, og dei dreiv dette som eit moderne forsvarsverk fram til dei selde eigedomane i 2004. Områda blei kjøpt opp av Direktoratet for naturforvaltning (no Miljødirektoratet) og Askøy kommune. Forsvaret sitt nærvær på Herdla då verneområdet blei etablert kjem tydeleg fram i dagens verneforskrift, som har opning for aktivitetar som var viktige for Forsvaret den gongen. Dette samsvarer ikkje med situasjonen i dag og desse reglane bør tilpassast dagens situasjon.

  • Auka bruk og nye brukargrupper. Det er i dag mykje meir besøk på Herdla enn det var på vernetidspunktet. Sidan 1980 har òg måten vi driv friluftsliv på endra seg, og det er fleire nye former for aktivitet i reservatet som ikkje var vanlege då. Brettsegling, kajakkpadling, sportsfiske og droneflyging er døme på aktivitetar som ikkje er fanga opp av vernereglane, men som kan påverke fuglelivet på Herdla. Ei justering av vernereglane er naudsynt for å møte dagens situasjon.

  • Fugleobservasjonstårn. I 2017 blei det nye fugleobservasjonstårnet i Prestvika opna. Intensjonen var at tårnet skulle bidra til å styre ferdsla vekk frå dei mest sårbare områda ved å tilby turgåarar og publikum elles ein plass med godt utsyn til fuglelivet.

  • Framande artar. Dei seinare åra er det tatt ut store mengder gran som var planta ut på Lamøy og på holmane nord for Herdla. Fleire av desse holmane har no godt potensial som hekkeplass for fugl.

  • Anna. Det har vore ei positiv utvikling for mange fugleartar på Herdla dei seinare åra. Mellom anna har det dei siste åra årleg hekka meir enn 20 vipepar på Herdlevalen. Ny verneforskrift må tilpassast både den gunstige utviklinga for vipene og annan utvikling i området.

Planprosessen

Statsforvaltaren i Vestland melder med dette om at vi på nytt startar opp arbeidet med revisjon av vernereglar og vernekart for Herdla naturreservat. Føremålet med endringane er å betre kåra for fuglane og for landbruksverksemda i området, samstundes som den særmerkte naturen framleis skal vere tilgjengeleg for turgåarar og andre brukarar.

Vi ønskjer at heile området skal få status som naturreservat og at den todelte løysinga med eit naturreservat og eit område med fuglelivsfreding, med ulike reglar, blir oppheva. Den eksisterande todelte løysinga gjev ikkje tilstrekkeleg med verkemidlar til å drive aktiv skjøtsel og forvaltning av området.

Vi føreslår ei utviding av det verna området, slik at heile Agnøyane nord for Herdla inkluderast, med unnatak av ei mindre hyttetomt. Vi vil inkludere desse øyane fordi dei har potensiale som hekkeplass no når skogen på øyane er fjerna. Vi foreslår òg at ein del av Lamøysundet i sør blir tatt ut av verneområdet. Sjå vedlagt vernekart.

I tillegg skal vi revidere verneforskrifta. Ny forskrift skal ta høgde for dei utfordringane som er til stades i reservatet i dag, og reglar for aktivitetar som ikkje er aktuelle lenger skal takast ut av forskrifta. Det må òg vurderast i kva grad dei ferdslerestriksjonane som gjeld i dag er tenlege med tanke på dagens bruksomfang.

Vi starta opp denne prosessen alt i 2014, men av ulike grunnar har dette arbeidet stoppa opp, og vi melder no oppstart av arbeidet på nytt. Innspel som blei sendt i samband med oppstartsmeldinga i 2014 vil bli tatt med i denne prosessen, så om dine innspel ikkje er endra sidan den gong, er det ikkje naudsynt å komme med innspel på nytt.

Vernekartet

Det aktuelle området omfattar følgjande gnr/bnr i Askøy kommune: 42/1, 42/4, 42/49, 42/77, 42/103, 42/104, 42/105, 42/119, 42/120. Alver kommune: 355/63 (Ringholmen).

Innspel og vidare framdrift

For at prosessen skal være så opplyst som mogleg ønskjer vi å få innspel frå dykk før vi utarbeider eit forslag til ny verneplan. Når innspel til denne oppstartsmeldinga er vurdert, vil vi utarbeide eit konkret forlag til vernekart, vernereglar og forvaltingsplan, og dette blir så sendt på høyring. Vi håpar på vedtak og ferdig forvaltingsplan innan utgangen av 2022.

Du kan sende innspel med brev til Statsforvaltaren ved miljøavdelinga, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no.

Frist for å kome med innspel er 30. august 2021.

Høyringsfrist:
30. august 2021 23:59