Oppstart av frivillig skogvern av fem område i Vestland

Høyringsfrist:
7. mai 2021 23:00

Vi sender ut forslag om oppretting av eitt nytt naturreservat og utviding av fire naturreservat som ein del av arbeidet med frivillig skogvern. Frist for uttale er 7. mai 2021.

Publisert 16.04.2021
Både Åkre og Vikane (biletet) og Husedalen er ein av dei eldste og mest naturprega skogane i Vestland. Dette er skog med ulike treslag, og med både levande og døde tre i alle aldrar. Det gjev eit stort artsmangfald.
Både Åkre og Vikane (biletet) og Husedalen er ein av dei eldste og mest naturprega skogane i Vestland. Dette er skog med ulike treslag, og med både levande og døde tre i alle aldrar. Det gjev eit stort artsmangfald. Foto: Magnus Johan Steinsvåg ©.

Etter dialog med grunneigarane, AT Skog og Norskog melder vi formell oppstart av frivillig skogvern for fem område i Vestland. Fire av områda gjeld utviding av eksisterande naturreservat.

Føremålet med dette brevet er å informere om prosessen som no startar opp etter naturmangfaldlova, og for å innleie til medverknad og innspel frå aktuelle partar.

Totalt utgjer areala 5 642 dekar. Av dette utgjer områda om lag 5 471 dekar skog og 3 144 dekar produktiv skog. I gjeldande kommuneplanar har alle områda føremålet landbruk, natur- og friluftsføremål (LNFR).

Det er sannsynleg at det vil vere mindre justeringar av vernegrenser for å redusere knekkpunkt i samråd med grunneigarene.

Skogområda vi melder oppstart på er:

  • Husedalen naturreservat i Ullensvang (1 400 dekar)
  • Gulbergnotten naturreservat i Ullensvang (utviding med 609 dekar til 6466 dekar)
  • Setråsen og Femanger naturreservat i Bjørnafjorden (utviding med 2 596 til 6371 dekar)
  • Steinen naturreservat i Bjørnafjorden (utviding med 649 dekar til 1 889 dekar)
  • Åkre og Vikane naturreservat i Voss herad (utviding med 364 dekar til 2219 dekar).

Nasjonale naturverdiar

Dei fem områda er konsentrert til midte og indre delar av tidlegare Hordaland, og fangar opp eit mangfald av artar og viktige naturtypar. Vernet vil omfatte urskognær gamal furuskog mellom anna svært viktige førekomstar av vestnorsk regnskog. 

Særleg utviding av Setråsen naturreservat med areal kring Femanger i Bjørnafjorden kommune vil sikra viktige naturverdiar knytt til rike, fuktige skogar og er ein sentral del av kjerneområdet i Norge for rik regnskog i boreonemoral sone. Her er fleire svært sjeldne og trua artar knytt til vestnorsk regnskog registrert, deriblant den hyperoseaniske mosen Colura calyptrifolia med sitt første og til no einaste funn i Skandinavia. Arten har endå ikkje fått norsk namn. Det er i tillegg registrert fleire førekomstar av regnskogslaven strutlav i utvidingsområdet i Femanger. Arten er klassifisert som kritisk trua i Norge.

Det er ei målsetjing å ta vare på verneverdiane i mest mogleg urørd tilstand. Sjå oppstartsbrevet til høgre på denne sida for meir informasjon om enkeltområda.

Kva betyr det at eit område vert verna?

For å ta vare på store og sårbare naturkvalitetar i eit område er det nødvendig med ei verneform som sikrar mot inngrep. Det er difor ønskjeleg å verne om områda som naturreservat. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet. Vernet vil òg føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst og andre inngrep.

Grunneigarane vil framleis ha rett til jakt, fiske m.v. og ålmenta vil framleis kunne plukke sopp og bær. Turstiar som er i området skal òg kunne haldast ved like. Kraftlinjer som går gjennom områda skal kunne driftast, vedlikehaldast og oppgraderast.

Regnskogmosen Colura calyptrifolia er berre funne i Femanger og ingen andre stader i Skandinavia. Arten her endå ikkje fått norsk namn. Vernet vil såleis sikra einaste kjente levestaden til arten hjå oss.
Regnskogmosen Colura calyptrifolia er berre funne i Femanger og ingen andre stader i Skandinavia. Arten her endå ikkje fått norsk namn. Vernet vil såleis sikra einaste kjente levestaden til arten hjå oss. Foto: Kristian Hassel, NTNU Vitenskapsmuseet ©.

Frivillig skogvern

I dei siste åra er det frivillig skogvern som har vore den mest aktuelle verneforma. Som ordet seier, er dette eit vern der staten er heilt avhengig av at grunneigaren sjølv ønskjer dette.

I ein slik prosess er det grunneigar sjølv som tilbyr staten område for vern. For staten vil det vere viktig at det finst viktige miljøverdiar innanfor det aktuelle området. Om det aktuelle området er interessant for vern, kan det setjast i gong ein prosess for å verne området. Grunneigar kan trekkje tilbodet når som helst under arbeidet, heilt fram til ein avtale er signert.

Dei verneframlegga som det no vert meldt oppstart om, er alle resultat av at grunneigarane har fremja tilbod til staten om frivillig vern.

Innspel og vidare framdrift

Det er ønskjeleg med innspel på verneforslaget slik at prosessen og tema kan verta så opplyst som mogleg. Når innspel til denne oppstartsmeldinga er vurdert, vil Statsforvaltaren sende eit meir detaljert forslag til vern på høyring.

Du kan også sende innspel med brev til Statsforvaltaren ved miljøavdelinga, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no. Følg også lenke til vår eiga temaside om frivillig skogvern i høgre marg oppe på denne sida med generell informasjon om ordninga.

Frist for å kome med innspel er 7. mai 2021

I adresselista har vi forsøkt å få med alle dei aktuelle høyringspartane vi veit om. Dersom de finn feil eller veit om fleire partar som de meiner burde ha fått brevet ber vi om tilbakemelding om dette.