Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Kinn kommune søkjer om løyve til opprydding av forureina masse på nedlagt skytebane

Legg til i eigen kalender
Høyringsfrist:
23. april 2021 23:59

Kommunen skal etablere idrettshall og har behov for å skifte ut masse. Grunnen er forureina av tungmetall og planlagt arealbruk er ikkje i samsvar med noverande forureining i grunnen. 

Publisert 22.03.2021

Søknaden

Kinn kommune søkjer om løyve til opprydding av forureina grunn på nedlagt skytebane ved Litlevatnet i Florø. Kommunen skal etablere idrettshall og har behov for å skifte ut masse. Grunnen er forureina av tungmetall og planlagt arealbruk er ikkje i samsvar med noverande forureining i grunnen.

Lenke til søknadsdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Offentleg ettersyn

Sjå heile søknaden på høgre side. Høyringsfristen er 23. april 2021. 

Merknadar til søknaden kan sendast i brev til Statsforvaltaren i Vestland, Statens hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller som e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no . Merk ein eventuell epost med referansenummer 2019/8232. 

Alle fråsengern vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn. Useriøse uttalar vert ikkje vurderte.