Totalforsvaret

Oppdatert 20.12.2023

Totalforsvaret er eit samleomgrep for det militære forsvaret og den sivile beredskapen i Noreg. Det betyr at Forsvaret og det sivile samfunnet samarbeider og gir kvarandre gjensidig støtte i alvorlege kriser og krig. Målet er å førebyggje, planleggje for og handtere alvorlege kriser og krig.

Auka behov for samarbeid og støtte 

Ditt bidrag er eigenberedskap

Kommunen og totalforsvaret

Kva gjer statsforvaltaren?

Samordning i krisesituasjonar 

Auka behov for samarbeid og støtte

Tryggleikspolitiske spenningar, hyppigare naturkatastrofar, digital sårbarheit og samansette truslar får konsekvensar for kva utfordringar samfunnet står overfor. Samtidig er trusselbildet mot norske og allierte interesser meir samansett enn før. Det tradisjonelle skiljet mellom fred, krise og væpna konflikt er viska ut. Alle delar av samfunnet kan bli utsette for maktbruk og press.

I ein alvorleg krisesituasjon og i væpna konflikt har Forsvaret behov for varer, tenester og tilgang til infrastruktur. Forsvaret har ikkje nok ressursar aleine og må få støtte frå det sivile samfunnet. Døme på støtte til Forsvaret kan vere tilgang på transport, drivstoff, bygningar, helsetenester og maskiner. Dette er varer og tenester som offentlege og private verksemder – til og med privatpersonar – kan bidra med, særleg i samband med mottak av allierte styrkar.

Du kan få varsel frå Forsvaret om førehandsrekvisisjon av ein ressurs som er i privat eige. Dersom du får ein førehandsrekvisisjon via Altinn, betyr det at du eig eller disponerer ein ressurs som Forsvaret meiner det er nødvendig å rekvirere for å løyse oppdraget sitt i ein krise- eller krigssituasjon. Rekvisisjonsordninga betyr at du er pliktig å stille gjenstandar til rådigheit for Forsvaret når situasjonen krev det. 

Ditt bidrag er eigenberedskap

Du har også ei viktig rolle i totalforsvaret. Totalforsvaret handlar nemleg også om korleis du best kan ta vare på deg og dine. Dersom du kan klare deg i tre døgn med mat og vatn frå eige beredskapslager, vil det vere til god hjelp for samfunnet. Da bidreg du til at dei som treng det mest, får først hjelp i ein krisesituasjon.

Her får du gode idear til kva du bør ha i ditt eige beredskapslager.

Kommunen og totalforsvaret

Fleire lover gir kommunane eit stort ansvar når det gjeld samfunnstryggleik og beredskap, inkludert oppgåver og ansvar i totalforsvaret. Kommunen, anten liten eller stor, har ansvar for å ta vare på innbyggjarane uavhengig av om det er fredstid eller ei alvorleg krise eller til og med krig. 

Her er de viktigaste lovene som omtalar totalforsvaret:

Kva gjer Statsforvaltaren?

Statsforvaltaren er et bindeledd mellom sentrale og lokale styresmakter, og vi har ei sjølvstendig rolle som pådrivar og rettleiar for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap. Vi orienterer kommunane om deira rolle i totalforsvaret, og rettleiar i korleis den samla verkemiddelbruken kan førebu kommunane på ein endra tryggleikspolitisk situasjon. Vi legg dessutan til rette for øvingar og andre kompetansehevande tiltak knytt til totalforsvaret. Ved behov hjelper vi forsvarssektoren med avstemming og utpeiking av ressursar og oppgåver for både førehandsrekvisisjonar og direkte rekvisisjonar, og vurderer konsekvensar for innbyggjarar og den sivile beredskapsevna.

Samordning i krisesituasjonar

I ein krisesituasjon er politiet, den ansvarlege fagetaten eller kommunen den viktigaste informasjonskjelda for innbyggjarane. Statsforvaltaren kan i nokre  tilfelle ta et samordningsansvar for krisehandteringa på regionalt nivå, for å sikre gode og samordna løysingar mellom aktørane. Fylkesberedskapsrådet er eit viktig forum for å ivareta samordningsansvaret. Leiarar i offentlege beredskapsetatar, kommunar, næringsliv og frivillige organisasjonar er med i rådet. 

Statsforvaltaren skal om nødvendig, og i samarbeid med andre styresmakter, samordne og prioritere mellom sivile behov og vidareformidle ekstra ressursar til kommunane. Vi skal bidra til å skaffe, samordne og prioritere sivil støtte til Forsvaret.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.