Nasjonal beredskap

Vår nasjonale beredskap kan gjerne omtalast som summen av eigenberedskap, lokal beredskap og regional beredskap.

Ansvaret for å ivareta nasjonal beredskap er ei integrert linjeoppgåve, noko som inneber at vi finn ein ansvarleg statsråd med eit departement, som den øverste ansvarlege for beredskap i dei ulike samfunnsfunksjonane. Det nasjonale samfunnstryggleiksarbeidet er basert på dei grunnleggande prinsippa om ansvar, likskap, nærleik og samvirke.

  • Ansvarsprinsippet, som inneber at den organisasjon som har ansvar for eit fagområde i ein normalsituasjon, óg har ansvaret for naudsynte beredskapsførebuingar og for å handtere ekstraordinære hendingar på området
  • Likskapsprinsippet, som inneber at den organisasjon ein opererar med under kriser i utgangspunktet skal vere mest mogleg lik den organisasjon ein har til dagleg

  • Nærleiksprinsippet, som inneber at kriser organisatorisk skal handterast på lågast mogleg nivå

  • Samvirkeprinsippet, som inneber at myndigheiter, verksemder eller etater har et sjølvstendig ansvar for å sikre eit best mogleg samvirke med relevante aktørar og verksemder i arbeidet med forebygging, beredskap og krisehandtering

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.