Skjønnsmidlar til kommunar med høge meirutgifter til korona

Statsforvaltaren har fordelt 65 millionar kroner til kommunane i fylket. Pengane skal dekke ekstrautgifter til smittevern og oppfølging av TISK-strategien som følgje av pandemien.

Publisert 11.06.2021

Stortinget løyva  for første halvår 1,5 mrd. kroner i ekstra skjønnsmidlar til kommunane i landet grunna pandemien. 65 mill. kroner av løyvinga blei vidare sett av til kommunane i Vestfold og Telemark. Statsforvaltaren har no fordelt midlane på kommunane i fylket.

-Meirutgiftene til fleire av kommunane auka monaleg i takt med smittesituasjonen tidlegare i vår. Ramma på 65 mill. kroner er derfor ikkje stor nok til at alle kommunane får dekt sine meirbehov, seier statsforvaltar Per Arne Olsen.

Midlane er fordelte på bakgrunn av smittetrykket i kvar enkelt kommune og kommunane sine rapporteringar om meirutgifter til statsforvaltaren, og er sett i samanheng med auka innbyggartilskot grunna i pandemien. - I tillegg har vi hatt eit heilhetleg blikk på situasjonen kommunane har stått i, seier Olsen.

Fleire kommunar har i stor grad fått dekka sine meirutgifter gjennom auka innbyggartilskot. Det gjeld kommunar med relativt lågt smittetrykk. Disse kommunane får ikkje tildelt skjønnsmidlar i denne omgang. I revidert nasjonalbudsjett foreslo regjeringa å løyve ytterlegare 1,5 mrd. kroner i skjønnsmidlar for andre halvår.

Tabellen syner den kommunevise fordelinga av  midlane.

Kommune

Ekstra koronaskjønnsmidlar første halvår 2021

Horten

6 000 000

Holmestrand

6 000 000

Tønsberg

7 500 000

Sandefjord

9 300 000

Larvik

7 500 000

Porsgrunn

6 500 000

Skien

11 000 000

Notodden

1 000 000

Færder

6 000 000

Siljan

1 200 000

Bamble

1 000 000

Kragerø

500 000

Midt-Telemark

1 000 000

Vinje

500 000

SUM

65 000 000