Førehandsvarsel - Søknad om peling ved Klosterøya i Skien

Høyringsfrist:
7. juli 2021

Føremålet med tiltaket er ny promenade langs Tømmerkai og etablering av båtslipp.

Publisert 09.06.2021

Steinar Moe Eiendom AS søkte den 24.1.2021 om løyve etter forureiningsregelverket til peling ved Klosterøya, gbnr. 300/5342 og 300/2183 i Skien kommune. Føremålet med tiltaket er ny promenade langs Tømmerkai og etablering av båtslipp.

Det er søkt om å ramme inntil 40 stålkjernepelar fordelt over eit areal på 1300 m2, av dette utgjer området for peling til ny kai ca. 900 m2 og området for båtslipp utgjer ca. 400 m2. Borekaks og forureina vatn skal samlast opp i tette behaldarar på land og leverast godkjent mottak.

Sjøbotnen i området har vort analysert for miljøgifter i 2018, og resultatane viser konsentrasjonar tilsvarande tilstandsklasse IV (dårleg) i samsvar med grenseverdiar for sedimenter (M-608|2016).

I Miljødirektoratet sin Naturbase (kart.naturbase.no) er det ikkje registrert marine naturtypar i tiltaksområdet. Skienselva er eit anadromt vassdrag, med førekomst av blant anna laks, sjøaure og sjørøye. 

 

Eventuelle merknader til søknaden kan du innan 07.07.2021 sende til: 

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg
eller på e-post til sfvtpost@statsforvalteren.no 

 

 

Høyringsfrist:
7. juli 2021

Kontakt oss

Direktør miljøavdelingen:
Elisabet Rui
Telefon 33 37 11 78

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding