Kronprinsparet markerer 50-årsdagane med fem reiser i Noreg

Kronprinsparet besøkte Raulandsakademiet i Vinje kommune. Foto: Simen Løvberg Sund/Det kongelige slott
Kronprinsparet besøkte Raulandsakademiet i Vinje kommune. Foto: Simen Løvberg Sund/Det kongelige slott.

Til sommaren fyller Dei Høgvørde Kongelege Kronprinsparet begge 50 år. Kronprinsparet ønskjer å markere dette ved å løfte fram noko av det dei set aller størst pris på i Noreg.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.03.2023

Det er veldig hyggjeleg at ei av reisene gjekk til Vestfold og Telemark fylke!

Handverk og tradisjon var tema for det nesten to timar lange besøket til Raulandsakademiet i Vinje kommune. Viktige delar av den norske kulturarven ligg her, og akademiet er ein av dei sentrale institusjonane i landet for norsk handverk og tradisjonskunnskap. Kronprinsessa er sjølv ein aktiv vevar, og har tidlegare delteke på kurs ved Raulandsakademiet for å lære meir om dette tekstilfaget.

Håndverk og tradisjon var tema for besøket til Raulandsakademiet. Foto: Simen Løvberg Sund/Det kongelige slott
Håndverk og tradisjon var tema for besøket til Raulandsakademiet. Foto: Simen Løvberg Sund/Det kongelige slott.

Fungerande statsforvaltar Fred-Ivar Syrstad, ordførar Jon Rikard Kleven og konstituert visepolitimeister Lena Fosaas Reif tok imot Kronprinsparet. Vertskapet ved rektor Petter Aasen, Stian Roland frå USN og Torild-naustvik Jortveit viste Kronprinsparet rundt i akademiet. Her vart stopp i metall- og smykkeverkstaden, treverks- og instrumentlageverkstaden og tekstilverkstaden. På slutten av omvisninga fekk Kronprinsparet oppleva dans og musikk i Vinjesalen, før det vart servert kaffe og nysteikt kling. Det vart teke avskjed med Kronprinsparet under store snøflak, etter eit vellykka og hyggjeleg besøk på Raulandsakademiet.

Fungerende statsforvalter Fred-Ivar Syrstad, ordfører Jon Rikard Kleven og konstituert visepolitimester Lena Fosaas Reif tok imot Kronprinsparet.  Foto: Simen Løvberg Sund/Det kongelige slott
Fungerende statsforvalter Fred-Ivar Syrstad, ordfører Jon Rikard Kleven og konstituert visepolitimester Lena Fosaas Reif tok imot Kronprinsparet. Foto: Simen Løvberg Sund/Det kongelige slott.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar