Flyktningar og asylsøkjarar

Oppdatert 20.02.2024

Ordninga med kollektiv beskyttelse til ukrainarar gjeld framleis. Frå 1. mars 2024 vil du likevel som hovudregel ikkje få forlenga opphaldsløyvet ditt viss du i tillegg til Ukraina også er statsborgar i eit anna, trygt land.

Frå og med 1. januar 2024 må du som ønskjer innkvartering i asylmottak, registrere søknaden din om beskyttelse på Nasjonalt ankomstsenter, som held til i Råde kommune. 

Kontaktinformasjon hos politiet for deg som vil søkje om asyl i Noreg.

Vanlegvis skal beskyttelsesbehovet til ein asylsøkjar gjennom ei individuell vurdering, men regjeringa har bestemt at ukrainarar skal få kollektiv beskyttelse. Avgjerda om kollektiv beskyttelse gir ikkje grunnlag for permanent opphaldsløyve. 

Kven skal hjelpe ein asylsøkjar?

Hovudregelen er at alle offentlege instansar i Noreg har ansvar for å gje tilbod til asylsøkjarar på lik linje med tilbodet som blir gitt til alle innbyggjarar. 

  • Utlendingsdirektoratet (UDI) har ansvar for behandling av søknader om asyl og utvisningssaker, og for akutt innkvartering og drift av asylmottak.
  • Politiets utlendingseining (PU) tek i mot søknader om asyl og gjennomfører asylintervju. 

Kommunens ansvar

  • Kommunane skal yte primærhelsetenester og barnevernstenester til alle som oppheld seg i kommunen, også for asylsøkjarar som er midlertidig innkvartert.
  • Barn som er under 16 år har rett og plikt til grunnskuleopplæring. Dette gjeld også for barn som er asylsøkjarar. Kommunen der barnet bur, har ansvar for å tilby grunnskuleopplæringa.
  • Ein del asylsøkjarar som er under 18 år, har rett til vidaregåande opplæring etter søknad. Regelverket som gjeld for barn og elevar som nett er komne til Noreg (udir.no).

Kommunar som er vertskommune for asylmottak, får eit vertskommunetilskot som skal dekkje kommunens utgifter til dei tenestene som kommunen skal yte. 

Dersom du jobbar i ein kommune som har eller skal få asylmottak, kan du finne alt du treng å vite på denne sida hos UDI.

Alternativ mottaksplassering (AMOT) er ei ordning som gjer at asylsøkjar med rett til plass i asylmottak, kan bu i ein vanleg bustad. Kommunen må akseptere å ta ansvar for privatbuande og får tilskot frå UDI.

Enklare byggjesaksprosessar for å ta i bruk bygningar som asylmottak (regjeringa.no) 

Brev til kommunane om menneskehandel

Statsforvaltarens oppgåver

  • Statsforvaltaren utnemner representantar for einslege asylsøkjarar som er under 18 år.
  • Vi er bindeledd mellom kommunane og sentrale styresmakter for å sikre rask kommunikasjon begge vegar. 
  • Vi har ansvar for behandling av saker som gjeld fri rettshjelp.
  • Vi fører tilsyn med omsorgssenter for einslege asylsøkjarar under 15 år.
  • Vi er tilsyns- og klageinstans og rettleiar kommunane i saker som gjeld sosiale tenester og introduksjonslova.
  • Vi gir kommunane råd og rettleiing på helseområdet.
  • Vi gir kommunane råd og rettleiing på barnehage- og skuleområdet. 

Einslege mindreårige asylsøkjarar

Einslege asylsøkjarar og flyktningar under 18 år får utnemnt ein representant. Ein representant er ein juridisk erstattar for foreldra. Representanten har ikkje den daglege omsorga, men skal syte for at barnet blir teken vare på av den instansen som er ansvarleg for å tilby omsorg. Vidare skal representanten hjelpe den mindreårige i samband med asylsaka. Asylsøkjarar under 18 år får bu i særskilte asylmottak eller i omsorgssenter.

 

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.