Om oss

Statsforvaltarens fellestenester leverer digitale og administrative tenester til alle statsforvaltarane. I samarbeid med statsforvaltarane utviklar og driftar vi også digitale tenester til innbyggjarane.

Publisert 28.11.2018, Sist endra 04.05.2021

Kva er Statsforvaltaren?

Statsforvaltaren (tidligare Fylkesmann) er statens representant i fylket og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og regjeringa. Statsforvaltaren er dessutan eit viktig bindeledd mellom kommunane og sentrale styresmakter.

Statsforvaltaren er både tittelen til ein person og namnet på ein organisasjon. Det er ti statsforvaltare i Noreg.

Kva er Statsforvaltarens fellestenester?

Statsforvaltarens fellestenester leverer digitale og administrative tenester som er felles for alle dei ti statsforvaltarane. Dette gjer vi for å standardisere og effektivisere prosessane, og sikre vidareutvikling av dei digitale og administrative områda. Alle embeta brukar tenestene våre.

Statsforvaltarens fellestenester har administrative tenester, system og løysingar innan desse områda:

  • Vi leverer alle IKT-tenester og IKT-utstyr hos statsforvaltarane (unntatt telefoni).
  • Vi leverer alle tenester innan arkiv og dokumentforvaltning. 
  • Vi rettleiar, legg til rette og koordinerer arbeidet med informasjonstryggleik.
  • Vi inngår rammeavtalar og gjennomfører innkjøp som er felles for alle embeta. Når eit enkelt embete gjer innkjøp over terskelverdi, rådfører embetet seg med oss, men embetet blir likevel avtalepart.

Statsforvaltarens fellestenester har høg fagkompetanse innan dei digitale og administrative områda, og kjenner statsforvaltarane godt. Oppdraget vårt er å levere gode administrative tenester som støttar statsforvaltarane i deira samfunnsoppdrag.

Les meir om leiinga og organisasjonsstrukturen i Statsforvaltarens fellestenester

Kontakt oss