Treng du råd om økonomi og gjeld?

Du bør søkje råd så tidleg som mogleg dersom du har problem med gjeld eller det er vanskeleg å betale for utgifter. I alle kommunar i Noreg skal det vere mogleg å få råd om privatøkonomi. Tenesta er gratis, og er som regel lagt til Nav-kontoret. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.12.2022

Økonomisk rettleiing er del av tenesta opplysning, råd og rettleiing etter sosialtenestelova paragraf 17. Målet med sosialtenestelova er å førebyggje sosiale problem. Slike problem kan ha samanheng med utfordringar knytt til arbeid, aktivitet, helse, fritid, heimesituasjon, omsorgsoppgåver, bustad, nettverk og økonomi.

Hjelp til å disponere inntekta 

Sjølv om du alt mottek tenester frå Nav, kan du likevel ha nytte av å få økonomisk rettleiing. Kanskje har du eigentleg høg nok inntekt til å klare deg sjølv, men opplever likevel at det er vanskeleg å disponere inntekta slik at du greier deg fram til neste utbetaling? I så fall kan du truleg ha nytte av å søkje råd hjå Nav. 

Ta kontakt med det lokale Nav-kontoret om du ønskjer økonomisk rettleiing. Det er gratis, og du treng ikkje sende skriftleg søknad til Nav. Du kan melde frå om behov for rettleiing både munnleg og skriftleg i kontakten med Nav. Nav skil mellom generell rettleiing og individuell rettleiing. I nokre tilfelle kan det vere nok at du får informasjon om regelverk og tips til kva du kan gjere sjølv. Dersom du treng det, kan Nav også hjelpe til med å lage ein plan for korleis du skal klare å gjennomføre tiltaka. 

Treng du sosiale tenester frå Nav eller råd om økonomi og gjeld? Les meir på nettsida til Nav.

Statsforvaltaren si rolle i dette arbeidet er retta mot kommunane. Vi gir mellom anna opplærings- og kurstilbod til tilsette i kommunane. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.