Skifte etter skilsmisse eller dødsfall – dokumentasjonsfritak

Oppdatert 20.12.2023

Skal du gifte deg på nytt, krever Skatteetaten at du legger fram dokumentasjon på skifte i dersom du:

1) ble skilt for mindre enn to år siden eller

2) er enkemann/enke

Kan du ikke framlegge dokumentasjon på skifte, kan du søke Statsforvalteren om å bli fritatt fra denne plikten.

Eit ”skifte” betyr deling av det som du og din tidlegare ektefelle eventuelt eigde saman då de var gift (t.d. bustad, innbu, bil og pengar).

Er du skilt eller enkje/enkjemann og skal inngå nytt ekteskap, må du og din tilkomande ektefelle søkje Skatteetaten (folkeregisteret) om prøvingsattest.  

Denne attesten må alle ha for å kunne inngå ekteskap for norske styresmakter. Då vil Skatteetaten mellom anna be om dokumentasjon på at det er eit skifte med tidlegare ektefelle eller eventuelle arvingar. Ta kontakt med skatteetaten for spørsmål om dokumentasjon på skifte https://www.skatteetaten.no 

Dersom du ikkje har eller kan skaffe dokumentasjon på at det er eit skifte, eller dersom tidlegare ektefelle er død, kan du søkje Statsforvalteren om fritak for å dokumentere at det er eit skifte. Statsforvaltaren behandlar søknaden dersom det er mindre enn to år sidan skilsmissa eller ektefellen din døde.

Gjeld berre dersom det er mindre enn to år sidan skilsmissa

  • Utfylt søknadsskjema. 
  • Original eller stadfesta kopi av skilsmisseløyve når skilsmissesaka er behandla av statsforvaltaren i eit anna fylke. Er du skilt i utlandet, behandlar Statsforvaltaren søknaden din om fritak for å dokumentere skifte saman med søknaden om godkjenning av utanlandsk skilsmisse (sjå eigen informasjon). 

Søknaden bør sendast til Statsforvaltaren i det fylket søkjaren bur eller oppheld seg. Bur eller oppheld ikkje søkjaren seg i Noreg, kan saka behandlast hjå Statsforvaltaren i det fylket ekteskapsvilkåra skal prøvast eller vigselen skal skje. Skal også prøving og vigsel skje for norsk styresmakt i utlandet, kan Statsforvaltaren i Oslo og Viken behandle saka.

  • Utfylt søknadsskjema. 
  • Original eller stadfesta kopi av dødsattest eller anna godkjent dokumentasjon på dødsfallet til tidlegare ektefelle. Framlagt kopi av originalen, må vere stadfesta av advokat, offentleg tenestemann eller profesjonelt kopieringsfirma. 
  • Dødsattesten skal ha apostillestempel eller legalisering (sjå nærare forklaring nedanfor). 
  • Dersom dødsattesten er på andre språk enn svensk, dansk, engelsk og tysk, må du sjølv syte for at dødsattesten blir omsett til norsk. Omsetjinga må gjerast av ein statsautorisert omsetjar, og du må leggje ved original eller stadfesta kopi av omsetjinga. av dødsattesten av ein statsautorisert omsetjar. Dersom det ikkje er statsautoriserte translatørar innan det aktuelle språket, kan Statsforvaltaren godta ei omsetjing gjort av norsk eller utanlandsk utanriksstasjon/konsulat, universitets- eller høgskulelærar som har kompetanse i språket, eller omsetjing gjort av ei kommunal tolketeneste. I fleire fylke kan Statsforvaltaren også ta i mot dokument på andre språk. Ta derfor kontakt med Statsforvaltaren før du får omsett dødsattesten.

Søknaden bør sendast til Statsforvaltaren i det fylket søkjaren bur eller oppheld seg. Bur eller oppheld ikkje søkjaren seg i Noreg, kan saka behandlast hjå Statsforvaltaren i det fylket ekteskapsvilkåra skal prøvast eller vigselen skal skje. Skal også prøving og vigsel skje for norsk styresmakt i utlandet, kan Statsforvaltaren i Oslo og Viken behandle saka.

Apostillestempel blir påført dokument av styresmaktene  i det landet som dokumentet kjem frå, og stadfestar at signaturen til den som har underteikna dokumentet er ekte. Dette stempelet blir påført av styresmaktene i dei landa som har underteikna Haag-konvensjonen (apostillekonvensjonen) av 5. oktober 1961 om å sløyfe kravet om legalisering av utanlandske offentlege dokument. Her er lista over dei landa som har underteikna denne konvensjonen saman med kontaktopplysningane til dei styresmaktene som har løyve til å setje på apostillestempel.

Er ikkje landet medlem av Haag-konvensjonen, må dokumentet legaliserast. Legalisering betyr at utanriksdepartementet (ev. ambassade/konsulat) i det landet som dokumentet kjem frå har stadfesta at dokumentet er underskrive og utskrive av kompetent styresmakt. Kontakt utanriksdepartementet i det aktuelle landet.

Vis meir