Informasjon til deg som er verje

Oppdatert 30.01.2024

Som verje skal du ta hand om interessene til personen du er verje for. Verja skal utføre oppdraget etter gjeldande lover, reglar og det mandatet du har fått av Statsforvaltaren. Oppdraget skal vere tilpassa hjelpebehovet til verjehavar, og hjelpa du gir skal ikkje vere meir omfattande enn nødvendig.

Når Statsforvaltaren utnemner deg til verje, får du eit mandat som seier noko om kva verjemålet omfattar. Mandatet til verja skal dekkje behovet for hjelp og seie noko om kva oppgåver du skal gjere. Mandatet skal ikkje omfatte meir enn nødvendig.

Et verjemål kan gjelde det økonomiske eller det personlege området, eller begge delar.

Som verje skal du følgje viljen og interessene til verjehavar. Verja kan ikkje gjere noko som verjehavar ikkje ønskjer. Verjemålet er ei frivillig ordning og skal ikkje opplevast som tvang. Ei verje skal gi avgjerdsstøtte og skal ta avgjerder i samråd med verjehavar.

Som verje skal du:

  • la personen ta eigne val og avgjerder og om nødvendig hjelpe til for å få gjennomført dei
  • høyre på personen før du tek avgjerder, når det er naturleg
  • ta avgjerder i tråd med ønske som er uttrykt
  • ta avgjerder slik du trur personen ønsker det viss det er slik at personen ikkje kan uttrykkje meininga si

Du har normalt krav på godtgjersle for arbeidet som verje. Er du verje for nærståande, vil du berre ha krav på godtgjersle i særlege tilfelle. Sivilrettsforvaltningen har meir informasjon om verjegodtgjersle.

Bruk gjerne lenkene nedanfor til å navigere i innhaldet på denne sida: 

Økonomiske forhold

Personlege forhold

Oppgåver andre må gjere

Fråtaking av rettsleg handleevne

Avslutte verjeoppdraget

Økonomiske forhold

Eit døme på ei oppgåve som fell inn under det økonomiske området er at du som verje brukar inntekta til verjehavar for å dekkje utgifter som vedkommande har til husleige, straum, forsikring, telefon, mat, vedlikehald og kle. Det er personens behov som avgjer kva du skal gjere. Avgjerder i det daglege kan du normalt ta sjølv saman med personen du er verje for.

Du skal:

  • hjelpe til med den daglege økonomien
  • dekkje utgifter med hans eller hennar inntekter
  • disponere over bankinnskot, men dersom verjehavar har større midlar enn to gonger grunnbeløpet i folketrygda, skal midlane vanlegvis forvaltast av Statsforvaltaren
  • opprette/avslutte bankkonti
  • kontrollere og eventuelt endre skattemelding
  • ta vare på verdiar og eigedom
  • levere rekneskap kvart år, i slutten av april

Ved avgjerder som gjeld store verdiar, skal du rådføre deg med Statsforvaltaren før du tek avgjerda. For nokre handlingar må verja ha samtykke både frå personen med verje og frå Statsforvaltaren. Dette gjeld særleg 

  • fast eigedom (kjøp og sal, pantsetting, forpakting og utleie, drift osv.)
  • større gåver og forskot på arv

Sivilrettsforvaltningen har meir informasjon om kva handlingar som krev godkjenning frå Statsforvaltaren i tillegg til samtykke fra verjehavar.

Ei verje kan søkje digitalt om godkjenning frå Statsforvaltaren.

Personlege forhold

Andre oppgåver du som verje kan få, er å passe på personens interesser og rettar.

Det kan til dømes vere å:

  • handtere post og andre dokument
  • hjelpe til med å søkje om stønader frå det offentlege
  • representere personen under verjemål overfor offentlege instansar
  • sjå til at personen får forsvarlege kommunale helse- og omsorgstenester
  • klage på avgjerder viss det er behov for det
  • hjelpe med å byte fastlege

Nokre avgjerder kan du som verje aldri ta sjølv om personen du er verje for er samd med deg. Du kan til dømes ikkje samtykke til organdonasjon eller stemme ved val.

Oppgåver andre må gjere

Som verje må du skilje mellom det å sørge for at behov blir dekt og det å faktisk kjøpe varer eller utføre tenester sjølv. Det siste er ikkje ei verjeoppgåve. Nokre gonger er det derfor andre enn verja som skal hjelpe personen.

Dette kan gjelde:

  • helsehjelp
  • praktiske gjeremål i kvardagen
  • sosiale aktivitetar
  • omsorgsoppgåver

Desse oppgåvene fell utanfor oppdraget som verje.

Fråtaking av rettsleg handleevne

Verjemål med fråtaking av rettsleg handleevne betyr at personen får avgrensa rett til å bestemme over økonomien sin og rettane sine. Tingretten kan ta ei slik avgjerd dersom personens økonomi eller personlege forhold kan bli vesentleg skadd fordi personen på grunn av skade, sjukdom eller nedsett funksjon ikkje kan ta hand om eigne interesser.

Reglane for når nokon kan bli fråteken rettsleg handleevne er strenge. Retten kan ikkje ta frå nokon den rettslege handleevna til nokon viss skaden kan hindrast på ein mindre inngripande måte. Fråtaking av rettsleg handleevne kan skje sjølv om personen det gjeld ikkje ønskjer det. Det er likevel mogleg å sjølv be om å bli fråteken den rettslege handleevna. Det kan vere aktuelt dersom du til dømes er speleavhengig eller er redd for å bli utnytta av andre.

Fråtaking av rettsleg handleevne skal berre gjerast på område der det er behov for å verne økonomien eller rettane til personen. I tillegg til personen sjølv kan verje, nær familie eller Statsforvaltaren reise sak om fråtaking av rettsleg handleevne. I dei fleste tilfelle er det Statsforvaltaren som reiser sak. Andre som reiser sak, kan måtte betale eigne sakskostnader dersom søksmålet var grunnlaust. Den som saka gjeld, har rett til å få hjelp av advokat dekt av staten.

Avslutte verjeoppdraget

Eit oppdrag som verje blir avslutta når:

  • verjehavar fyller 18 år, og det ikkje er grunn til å utnemne verje etter fylte 18 år
  • vilkåra for verjemålet ikkje lenger er oppfylte, og verjemålet blir avslutta
  • verjehavar døyr
  • ei verje kan bli fråteken verjeoppdraget
  • ei verje kan også be om å bli friteken frå oppdraget som verje

Dersom verjehavar døyr, må du gi beskjed til Statsforvaltaren så snart som mogleg. Oppdraget som verje stansar samstundes med dødsfallet til verjehavar. Då skal du så snart som råd levere sluttrekneskap, verjefullmakt og eventuelt krav om godtgjersle til Statsforvaltaren. Statsforvaltarens forvaltningsansvar av finansielle midlar sluttar når verjehavar døyr. Spørsmål knytt til skifte av buet må rettast til tingretten.

Det er frivillig å vere verje, og som verje kan du med rimeleg varsel til Statsforvaltaren seie opp verjeoppdraget. Du er likevel ikke friteken frå vervet før Statsforvaltaren har fatta vedtak om det. 

I nokre tilfelle kan verja miste oppdraget dersom Statsforvaltaren meiner at det er til det beste for verjehavar, eller dersom Statsforvaltaren meiner at dette er nødvendig av andre grunnar. 

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.