Statsforvaltaren besøkte vinnaren av kulturlandskapsprisen

Frå venstre: Kulturlandskapsprisvinnarane  Siri og Tor Værdal, fung landbruksdirektør Anstein Lyngstad, Statsforvaltar Frank Jenssen og varaordførar Jonny Melting.
Frå venstre: Kulturlandskapsprisvinnarane Siri og Tor Værdal, fung landbruksdirektør Anstein Lyngstad, Statsforvaltar Frank Jenssen og varaordførar Jonny Melting. Foto: Anders Mona.

Statsforvaltar Frank Jenssen besøkte 5. juli kulturlandskapsprisvinnarar for 2021 Siri og Tor Værdal i Verdalsgrenda på Inderøy. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.07.2022

Statsforvaltaren fekk god orientering om gardsdrifta og arbeidet dei gjer for å redusere avrenning til vatn frå jordbruksareal og den flotte skjøtselen dei gjer for å ta vare på gardstunet og dei mange gravhaugane der.

Siri og Tor er fulltidsbønder og lever av garden. Dei driv kombinert produksjon på gris på litt utvida konsesjon og har korn. Dette har dei gjort sidan dei tok over garden i 2001.

Siri og Tor med familie gjer ein stor innsats for få eit fint gardstun og ta vare på alle verdiane der. Her blir det slått og pussa inntil alle hus, også på baksida av fjøset.  Gjennom tunet går og «Inderøytur» ned til Borgenfjorden og vegen ned dit slår dei med plenklyppar slik at også dei med rullestol fint kan koma seg fram. Siri og Tor var blant dei første som sådde gras i sløgder på kornarealet for at dette skulle redusera erosjonen. Dei har og skifta ut og oppgradert mykje rør og kummar på dyrkajorda, slik at desse har stor nok kapasitet til å ta unna alt vatnet som kjem, også når det er flaum.

Varaordførar i Inderøy, Jonny Melting, var og med på besøket og skrytte av den store innsatsen som vert gjort på Verdal indre. Melting orienterte om næringssatsinga i kommunen og spesielt om kor viktig jordbruket er for kommunen både som stor matprodusent, men og for det vakre landskapet som igjen er viktig for andre næringar og for trivsel.  

Statsforvaltar Frank Jenssen med følgje var svært fornøgd med  besøket og meinte det var ein velfortent kulturlandskapspris som vart gitt til Siri og Tor. Frank Jensen skrytte av arbeidet som blir gjort for ein god matproduksjon, der ein også på glimrande vis  greier å ta vare på dei viktige landskapsverdiane, legge til rette for at andre skal få bruke areala, og driver jordbruket så miljørett som mulig.  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.