Endelege satsar regionale miljøtilskot Trøndelag 2021

Dei endelege satsane for regionalt miljøtilskot for 2021 er no satt. Satsane ligg under menyen til høgre.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.02.2022

Dei endelege satsane for regionalt miljøtilskot for 2021 vart auka med 6,5 prosent frå foreløpige satsar. Grunnen til auken er at jordbruksoppgjeret i 2021 gav Trøndelag ca 5 mill i auka ramme. Ramma for Trøndelag er på 77,8 mill kroner. Det er innvilga godt 77,9 millionar kroner, men frå innvilginga blir det trekt ca kr 900 000 i avkortingar, dvs sjølve utbetalinga blir på godt 77 mill kr. Dei resterande 800.000 er sett av til klagebehandling.

Omsøkt tilskot litt høgare enn i 2020.
Det var litt auke frå 2020 i søkinga på både husdyrgjødselordningane, der er det innvilga om lag 19,5 mill kr, og avrenningsordningane med innvilga 21 mill kroner. I tillegg har vi i år ordninga med pollinatorsone med ca 1,2 mill, for 12 mil sådd med insektvenlege vekstar. Tilskot til klimaråd var lite omsøkt, berre 72.000 kr. Dette skuldast nok at ordninga enno ikkje er særleg godt etablert verken hos rådgivinga eller hos bøndene.
Endelege satsar har vore sendt på kort høyring til Trøndelag bondelag og til Nord- og Sør-Trøndelag bonde- og småbrukarlag.

Tabellen viser fordelingen av regionale miljøtilskudd i Trøndelag

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.