Landbrukseigedommar og buplikt

Oppdatert 08.04.2024

Eigedomane er grunnlaget for verdiskapinga i landbruket. Den som overtek ein  landbrukseigedom må søkje om konsesjon dersom eigedomen er utan bygningar, eller dersom eigedomen har eit samla areal på meir enn 100 dekar, eller eigedomen har meir enn 35 dekar fulldyrka og/eller overflatedyrka jord.

Konsesjonslova gjeld for dei fleste typar erverv (kjøp eller arv) av fast eigedom. Formålet med konsesjonslova er verne om produksjonsareala i landbruket, noko som blir gjort gjennom regulering og kontroll når fast eigedom blir kjøpt eller seld. Lova skal dessutan sikre eigar- og bruksforhold som er tenlege for samfunnet. Vi må til dømes ta omsyn også til framtidige generasjonar, landbruksnæringa, behov for utbyggingsgrunn, miljø og busetting.  

Buplikt

Det er eit politisk mål å ha busetjing i heile landet, noko som blant anna blir sikra gjennom buplikta. Plikta følgjer direkte av lova når den som har odel eller er i nær slekt med førre eigar, overtek ein eigedom med bustadhus og meir enn 35 dekar dyrka mark eller 500 dekar skog. Buplikt kan òg setjast som vilkår i ei konsesjonssak. Kommunen kan også innføre buplikt for dei som kjøper eller arvar heilårsbustader, utan omsyn til storleik på eigedomen. 

Jordlova

Jordlova speglar det landbrukspolitiske målet om å sikre arealressursane og halde oppe og styrkje ressursane på det enkelte bruket. Dette inneber mellom anna at den som eig dyrka mark, har ansvar for at jorda blir driven.

Jordlova har reglar om driveplikt, omdisponering av dyrka og dyrkbar jord, og om deling av landbrukseigedom. Kommunen behandlar og avgjer saker etter jordlova og konsesjonslova, og Statsforvaltaren er klageinstans.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 01.12.2023

Hvordan fungerer jordlovens regler om driveplikt i Trøndelag?

Statsforvalteren har gjennom en spørreundersøkelse til kommunene i Trøndelag kartlagt hvordan reglene om driveplikt til jordbruksarealer følges opp.


Publisert 02.06.2020

Kommunens oppgaver etter forpaktingsloven

Fylkesmannens landbruksavdeling holdt nylig et webinar for ansatte i kommunal landbruksforvaltning med forpaktingsloven som tema.