Foreslå ein skule til Benjaminprisen

Benjaminprisen blir delt ut kvart år til ein skule som arbeider aktivt mot rasisme og diskriminering. Det er no ope for å foreslå kandidatar til årets pris.
Tilhøyrer du eller veit du om ein skule som jobbar aktivt mot rasistiske haldningar og andre former for diskriminering? Har skulen god undervisning som utfordrar stereotypiar og fordommar? Jobbar skulen systematisk for å skapa likeverd og samhald?
Benjaminprisen blir delt ut kvart år til ein skule som arbeider aktivt mot rasisme og diskriminering.
Prisen ber namnet til Benjamin Hermansen som vart drepen på Holmlia i 2001. Drapet på han var rasistisk motivert. Prisutdelinga finn stad i tilknyting til den årlege markeringa av den internasjonale holocaustdagen. Kunnskapsministeren overrekkjer prisen, og vinnarskulen får ein sum på 250 000 kroner. HL-senteret administrerer prisen i samarbeid med Utdanningsdirektoratet, med støtte frå Kunnskapsdepartementet.
Ved å foreslå ein skule hjelper du med å løfta fram godt arbeid mot rasisme og diskriminering. Gå inn på Udirs nettsider for å komma med forslag til kandidat og lesa meir om prisen. Alle skular i Noreg kan bli foreslått til Benjaminprisen.
Det er Senter for studiar av Holocaust og livssynsminoritetar (HL-senteret) som administrerer prisen. For meir informasjon om prisen sjå HL-senteret si nettside.
Forslagsfrist: 1. oktober 2025.
Kontaktpersonar
-
Ragnhild Naas
Tlf: 71 25 85 07 -
Stig Ove Andersen
Tlf: 71 25 84 90