To skular frå Møre og Romsdal nominerte til Dronning Sonjas skulepris 2025

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har nominert Allanengen skole i Kristiansund og Haramsøy skule i Haram til Dronning Sonjas skulepris 2025. Begge skulane har utmerkt seg med langsiktig og systematisk arbeid for eit inkluderande og likeverdig skulemiljø.
Sterke kandidatar
– Begge skulane viser korleis ein kan arbeide langsiktig og heilskapleg med likeverd og inkludering, seier underdirektør Maren Ørjasæter hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. – Dei er gode døme på skular som set elevane sitt beste i sentrum, og som bygg fellesskap gjennom samarbeid, medverknad og respekt.
Allanengen skole – ein «Vi-skule» med «Trivsel, kunnskap og mangfold i sentrum»
Allanengen skole har rundt 220 elevar frå 1.–7. trinn, og over halvparten av elevane er fleirspråklege. Skulen har tre innføringsklassar for nyankomne elevar, og arbeider målretta for å skape eit inkluderande læringsmiljø der alle elevar blir sett, høyrde og ivaretekne.
Skulen sitt verdihjul for mangfald og inkludering er utvikla i samarbeid med elevar, tilsette og føresette. Gjennom tiltak som gratis skulefrukost, fleirkulturell venkafé, «Gjenbruksgleder» og samarbeid med lokale aktørar, jobbar skulen for å utjamne sosiale forskjellar og styrke fellesskapet. Elevundersøkinga viser gode resultat.
Allanengen har også etablert fleire tverrfaglege team som jobbar førebyggande for elevane sitt læringsmiljø og psykiske helse. Elevrådet er aktivt og bidreg til både trivsel og medverknad. Skulen har tidlegare vore nominert til prisen i 2021 og 2023.
Haramsøy skule – «Sett og verdsett» i praksis
Haramsøy skule er ein kombinert 1.–10.-skule med 127 elevar frå alle Nordøyane. Skulen har i fleire år arbeidd systematisk med å skape eit trygt og inkluderande miljø, der alle elevar skal oppleve fagleg og sosial meistring.
Skulen har innført tiltak som jamlege elevsamtalar, samarbeid på tvers av klassetrinn, arbeid med MOT og prosjektet «UngMotivator», der eldre elevar er rollemodellar for dei yngre. Haramsøy er også ein dysleksivennleg skule og deltek i fleire nasjonale prosjekt.
Gjennom prosjektet Camp Nordøyane har skulen utvikla fleire tiltak for å styrke inkludering, meistring og fellesskap – både i skulen og i lokalsamfunnet. Elevundersøkinga viser gode resultat.
Prisutdeling
Utdanningsdirektoratet administrer arbeidet med Dronning Sonjas skulepris og har oppnemnd ein jury som vel årets vinnar.
Dronning Sonjas skulepris blir delt ut hausten 2025. Prisen består av eit diplom, ein pengepremie på 250.000 kroner og eit trykk med tittelen "Vekst" laga av Hennar Majestet. Alle nominerte skular får diplom som ei anerkjenning for innsatsen.
Fram til 2022 foretok Dronninga sjølv utdelinga av prisen ved eit besøk på skulen. Frå 2023 er det Hans Kongelige Høyhet Kronprins Haakon som har overtatt stafettpinnen. I likheit med si mor, har Kronprinsen eit stort engasjement for barn og unges oppvekstsvilkår.
Kontaktpersonar
Lenkjer
