Informasjon om fugleinfluensa i Møre og Romsdal

Foto: Åshild Melkeraaen.

Fugleinfluensa sirkulerer blant ville fuglar i store delar av landet, men Mattilsynet definerer det ikkje som utbrot i Møre og Romsdal.

Publisert 02.08.2023

- Vi har per i dag ikkje eit utbrot av fugleinfluensa i Møre og Romsdal, med eit stort antal sjuke og døde villfugl. Dette seier Magne Mo, fungerande regiondirektør i Mattilsynet region Midt. Han oppfordrar til at dersom du oppdagar døde eller sjuke fuglar og andre dyr, og mistenker fugleinfluensa, kan du melde frå til Mattilsynet på deira nettsider.

Handtering av sjuke eller døde fuglar

Sterkt sjukdomsframkallande (høgpatogen) fugleinfluensa vart påvist i Norge i 2020. Fugleinfluensa er svært smittsam mellom fuglar, og fører som regel til alvorleg sjukdom og død. Den kan i sjeldne tilfelle smitte til andre dyreartar. Menneske kan i svært sjeldne tilfelle verte smitta. Folkehelseinstituttet vurderer smitterisiko for den generelle befolkninga som svært låg.

For å vere føre var bør du unngå å ta på sjuke eller døde villfuglar utan beskyttelsesutstyr. Informasjon om korleis du skal handtere døde fuglar finn du Mattilsynet sine nettsider.

- Så lenge vi ikkje har utbrot av fugleinfluensa i Møre og Romsdal, kan du fjerne død fugl ved å bruke hanskar og munnbind, legge den i dobbelt plastpose og kaste den i restavfallet, seier Magne Mo i Mattilsynet.

Obligatorisk registrering av fjørfehald

Mattilsynet oppfordrar til godt smittevern for å beskytte eigne fuglar mot smitte. Alle som har fjørfehald (t.d. høner, ender, duer) skal registrere det hos Mattilsynet: https://www.mattilsynet.no/dyr/kjaeledyr/fugl-som-hobby/registrer-hobbyhold-av-fugl. Dette er viktig for den generelle sjukdomsberedskapen. Kravet til registrering gjeld heile tida, uavhengig av fugleinfluensaen.

Mattilsynet ber kommunane ta høgde for eit utbrot

Vi må ta høgde for at det kan oppstå utbrot med eit stort antal sjuke og døde villfugl også i Møre og Romsdal. Mattilsynet har i brev til kommunane 27. juli oppfordra kommunane til å gjere førebuingar for å handtere ein slik situasjon. Kommunane må sørge for tilstrekkeleg med smittevernutstyr til dei som skal samle inn døde fuglar, og dei må førebu seg på å organisere innsamling og trygg handtering av døde fuglar. 

Informasjon om avfallshandtering av ville fuglar som er døde av fugleinfluensa finn du på mattilsynet sine nettsider ...