Endringar i velferdstenetelovgivinga skal sikre barn og unge betre hjelp - no er rettleiaren klar!

Frå 1. august fekk kommunane ei tydeleg plikt til å samordne tenestetilbodet til barn.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.09.2022

Saman med fleire andre lovendringar skal samordningsplikta bidra til tettare samarbeid mellom barnehagar, skular, barnevern, Nav, helsetenester og sosialtenester.

Kommunane har no plikt til å bestemme kva for teneste som skal ha ansvaret for å samordne tenestetilbodet til kvart barn som treng hjelp.

Reglane gir familiar som har eller ventar barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne rett til eigen barnekoordinator, og reglane forsterkar velferdstenestene sine plikter til å samarbeide med kvarandre.

Meir informasjon finn du her ...

Rettleiaren for samarbeid, samordning og barnekoordinator finn du her ...