Svært mange nye statsborgarar i Møre og Romsdal i år

– Aldri før har vi fått så mange nye statsborgarar i løpet av eit år i Møre og Romsdal. Denne søndagen skal vi feire dei alle, seier statsforvaltar Else-May Norderhus.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.05.2022

360 av 1547 nye statsborgarar har takka ja til å delta på statsborgarseremonien i Molde søndag 22. mai. Seremonien blir i Bjørnsonsalen ved Scandic Seilet Hotel.

Frå 53 land

Dei nye statsborgarane som deltek kjem frå 53 ulike land. Dei fleste frå Europa.

– Statsborgarseremonien inneheld talar og musikk, og alle nye statsborgarar skal reise seg samla og framføre truskapsløftet. Dette gler eg meg til, seier statsforvaltaren.

Truskapsløftet er slik: Som norsk statsborgar lover eg truskap til mitt land Noreg, og det norske samfunnet. Eg støttar demokratiet og menneskerettane og vil respektere Noregs lovar.

Tre seremoniar

Alle nye statsborgarar får gåveboka "Velkommen som ny statsborgar".

Sidan det er mange som kjem, vert det delt inn i tre seremoniar på same dag i år.

Sjå programmet for dagen her …