Søknad om løyve etter forureiningslova til utslepp av reinsa avlaupsvatn frå Kongshaugen reinseanlegg IKS i Sula kommune

Høyringsfrist:
5. januar 2024 23:59

Sula kommune søkjer om løyve etter forureiningslova til reinsing av avlaupsvatn frå store delar av tettstadane Ålesund og Sula.

Publisert 25.11.2023

Det er søkt om utsleppsløyve for eit nytt reinseanlegg for avlaupsvatn, med overføringsanlegg. Kongshaugen reinseanlegg blir plassert i Veibustfjellet. Anlegget vil bestå av eit mekanisk og eit biologisk reinsetrinn for behandling av avlaupsvatn og eit anlegg for fjerning av lukt.

Utsleppspunktet for reinsa avlaupsvatn vil vere på 60 meters djupne i Storfjorden sør for Kvasneset. Utslepp av reinsa luft vil vere frå ei 20 meter høg pipe i Breidalen.

Søknadsdokumenta kan lesast via lenkja til høgre på denne sida.

Vi ber om at eventuelle merknadar blir send til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til sfmrpost@statsforvalteren.no, innan 5. januar 2024.

Høyringsfrist:
5. januar 2024 23:59

Dokument