Informasjon om biologisk opphav

Oppdatert 16.01.2024

Adoptivbarn som har fylt 18 år, har rett til å få informasjon om sitt biologiske opphav. Fleire instansar har ansvar for å gi opplysningar om biologisk bakgrunn, avhengig av når adopsjonen skjedde. Statsforvaltaren kan gje opplysningar om adopsjonar gjort før 1. januar 1999. I saker av nyare dato er det Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) som gir desse opplysningane. Statsforvaltaren kan også ha informasjon om krigsbarn i arkivet sitt. 

Slik ber du om innsyn i adopsjonssaka di

Ta skriftleg kontakt med Statsforvaltaren dersom du er adoptert og ønskjer informasjon om dei biologiske foreldra dine. Vi har informasjon om både norsk- og utanlandsadopterte. 

Skjemaet "Sikker melding" krev innlogging via ID-porten slik at vi får stadfesta at du er den du gir deg ut for å vere. Viss du brukar skjemaet, er det nok å skrive at du ønskjer innsyn i adopsjonsssaka di, oppgi namn på adoptivforeldra dine og årstal (omtrentleg) for adopsjon. 

Dersom du vel å sende eit vanleg brev til oss, må brevet innehalde:

  • Namn, fødselsdato og bustadsadresse
  • Signatur (du må skrive under på brevet du sender oss)
  • Namn på adoptivforeldra dine
  • Stadfesta kopi av legitimasjonen din. Legitimasjonen må ha bilete, og kan til dømes vere pass eller førarkort. Kopien må vere stadfesta av ein offentlege tenestemann eller advokat. Kopi som er stadfesta av post, bank eller kopieringskontor, kan vi diverre ikkje godta.  

Varsel om kontaktønske frå opphavleg slekt

Både norske styresmakter og adopsjonsforeiningane får frå tid til anna brev frå opphavleg slekt eller andre som ønskjer å få kontakt med deg som er adoptert. Bufdir har laga rutinar som fortel korleis du kan bli varsla om slike kontaktønske. Dersom du ikkje ønskjer å få varsel om brev eller kontaktønske, kan du gi beskjed til Bufdir slik at dette blir registrert i adopsjonssaka du.

Les meir om kontaktønske frå biologisk familie på nettstaden til Bufdir.

Krigsbarn

Statsforvaltaren kan ha saker om krigsbarn i arkivet. Med krigsbarn meiner vi barn som er fødde i åra 1940 – 1945 og som har norsk mor og tysk far. Arkivsaker om krigsbarn har gjerne opplysningar som er underlagt teieplikt. Det er i utgangspunktet berre vedkommande som saka gjeld – det vil seie mor, far og barnet sjølv – som har rett til innsyn.

Ta kontakt skriftleg eller via «Sikker melding» til Statsforvaltaren om du er krigsbarn og ønskjer innsyn i saka di. Dersom du sender vanleg brev, må du leggje ved rett kopi av legitimasjon. Det digitale skjemaet krev innlogging via ID-porten slik at vi får stadfesta at du er den du gir deg ut for å vere. I skjemaet er det nok å skrive at du ønskjer innsyn i saka din. Skriv namnet på mor og eventuelt far om du har opplysningar om dette.

Farskapssaker

Statsforvaltaren kan ha opplysningar om farskaps- eller bidragssaker frå perioden 1940 – 1992. Materialet ligg da i mors dåverande heimfylke, men fleire av statsforvaltarane har overført sakene til Arkivverket. Du kan søkje innsyn til personlege føremål hos Arkivverket.

Vis meir