Vil engasjere folket

Fylkesmannen har i løpet av april og mai vore på besøk hjå alle kommunane på Nordmøre. Kommunane la vekt på kor viktig det er å engasjere innbyggjarane i prosessen med kommunereforma.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.05.2015

Frå Fylkesmannen var det ass. Fylkesmann Rigmor Brøste og prosjektleiar Vigdis Rotlid Vestad som møtte kommunane. Frå kommunane deltok rådmann, ordførar og kontaktperson for kommunereformarbeidet, med nokre variasjonar i den einskilde kommune. Målet med besøka var å drøfte og ha ein god dialog om framdrifta av kommunereforma i kommunane.

Milepælsplan
Alle kommunane på Nordmøre har gjort vedtak og laga ei milepælsplan for kommunereformarbeidet. Stort sett har kommunane følgt sin milepælsplan, og dei fleste ønskjer å korrigere planane framover, ut i frå korleis prosessen går.

Engasjement
Fylkesmannen registrerer stor aktivitet og engasjement i kommunane. Prosessen vidare i kommunereforma blir meldt av dei fleste som krevjande – difor meiner kommunane at innbyggjarhøyring og anna faktagrunnlag er viktig for dei neste «stega» i prosessen.

Utgreiing
På Nordmøre vil det no bli sett i gong ei utgreiing for å sjå på alternativ for nye kommunar. Det er ORKidè som bestiller denne utgreiinga hjå Telemarksforskning. Den fyrste delrapporten vil bli levert allereie før sommaren. Det er til saman 12 ulike alternativ for kommunesamanslåing som skal utgreiast.

Oversikt over alternativa

  •          Storkommune Nordmøre (Kristiansund, Averøy, Eide, Gjemnes, Tingvoll, Aure, Smøla, Halsa og Surnadal)
  •          7 kommunar: Kristiansund-Averøy-Gjemnes-Tingvoll-Halsa-Aure-Smøla
  •          6 kommunar: Kristiansund-Averøy-Halsa-Gjemnes-Tingvoll-Eide
  •          4 kommunar: Kristiansund-Averøy-Gjemnes-Tingvoll
  •          3 kommunar: Aure-Smøla-Halsa
  •          2 kommunar: Averøy og Eide
  •          2 kommunar: Surnadal-Halsa
  •          2 kommunar: Surnadal-Rindal
  •          2 kommunar: Sunndal-Surnadal
  •          Grensekommune: Sunndal-Nesset-Tingvoll
  •          Grensekommune: Sunndal-Oppdal
  •          Grensekommune: Hemne-Hitra-Aure-Smøla-Halsa

I tillegg vil nokre kommunar få utarbeida ei 0-punktsanalyse, for å kartlegge konsekvensar dersom kommunen framleis skal vere for seg sjølv.

Du kan lese meir om dette arbeidet på www.Orkideportalen.no