Ønskje om innspel frå kommunane

I samband med arbeidet med å utarbeide rundskriv om brukarstyrt personleg assistanse (BPA), har Helsedirektoratet bedt Fylkesmennene om hjelp til å samle inn og koordinere innspel frå kommunane.

 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.03.2015



Pasient- og brukerrettighetsloven § 2-1d om rett til brukarstyrt personleg assistanse (BPA) trådte i kraft 1.1.2015.Helsedirektoratet har som mål at rundskrivet skal belyse og svare på flest mogleg av dei spørsmåla og problemstillingane som ulike aktørar har knytt til praktiseringa av rettsregelen. For å få til dette, er det avgjerande at sentrale aktørar på området bidrar med innspel i form av spørsmål og problemstillingar som bør belysast i rundskrivet.

På grunn av kort høyringsfrist, ber Fylkesmannen i Møre og Romsdal om at innspel blir sendt oss innan 20.03.2015, gjerne på e-post til fmmrpostmottak@fylkesmannen.no

 Vi vonar at so mange som mogleg tar seg tid til dette viktige arbeidet.