Hausta viktig erfaring av skredet i Todalen

Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Surnadal kommune var tysdag 17. september på møte om erfaringsdeling etter skredet og vegstenginga i Todalen. -Evaluering, erfaringsdeling og refleksjon er ein viktig del av all krisehandtering, seier  fylkesmann Lodve Solholm.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.09.2013

31. juli vart fylkesvegen og straumforsyninga til Todalen øydelagt av skred. Normal straumforsyning vart gjennoppretta i løpet av to døgn. Vegen var stengt i fleire veker, og all transport til og frå Todalen måtte gå med ekstraordinære ferje- og snøggbåtsamband. Situasjonen som oppstod var krevjande – både den akutte innsatsen for å sikre liv og helse, etablering av minimumsløysingar for kraftforsyning og transport, og det litt meir langsiktige arbeidet med transportløysingar fram til vegen kunne opnast igjen. Lodve Solholm meiner viktige samfunnsfunksjonar og tenester ikkje kunne blitt gjenoppretta vesentleg raskare.

-Det er vår klare oppfatning at situasjonen i Todalen vart handtert på ein systematisk, effektiv og god måte. Ikkje desto mindre, det er viktig at erfaringar også frå slike hendingar vert gjennomgåtte, delte, drøfta og tekne vare på. I ein slik samanheng er det også godt håp om å finne forbetringspotensial og nye mål å strekkje seg etter, seier Solholm.

 I møtet deltok representantar for dei viktigaste offentlege aktørane som deltok i hendinga.Kontaktpersonar:
Ketil Matvik Foldal, fylkesberedskapssjef, Fylkesmannen i Møre og Romsdal : 41 69 34 80
Knut Haugen, rådmann Surnadal kommune: 91 55 40 69