Første slaget vunne

Fylkesmann Lodve Solholm (bildet) opna Fylkesberedskapsmøtet med å gratulere forsamlinga med at vedtaket om å legge ned 110-sentralen i Ålesund vart utsett.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.04.2013

-Men vi har ikkje vunne. Vi må være på hogget og finne gode argument for at vi skal ha det som i dag, sa Solholm, som også la til at han ikkje hadde tro på ei snarleg løysing.
-Eg har ikkje noko tru på at denne saka får nokon avgjersle før valet. Så godt kjenner eg det politiske systemet.

Fylkesberedskapsmøte vart halde på Hotel Alexandra i Molde torsdag 11.april.