Ny statsforvaltar i Vestland
Hege Åse Solbakken er i dag utnemnd til statsforvaltar i Vestland.
Publisert 07.08.2026
Hege Åse Solbakken har vore toppleiar i rekrutterings- og konsulentbransjen og havnæringa, og har sju års erfaring som statssekretær. Ho har hovudfag i samanliknande politikk, og har etterutdanning i Business and Human Rights og styrekompetanse.
– Solbakken har solid leiarerfaring frå privat sektor, god innsikt i offentleg forvaltning og god kjennskap til Vestland fylke. Hennar breie kompetanse og evne til å byggje relasjonar vil vere viktige kvalitetar i rolla som statsforvaltar, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung.
Det er førebels ikkje avklara når Solbakken startar i embetet.