Barnevernstenesta følgde ikkje opp bekymringsmeldingar om vald mot barn
Statsforvaltaren har tidlegare slått fast at Øygarden kommune ikkje har sørga for at barna fekk nødvendig vern og forsvarlege tenester til rett tid, og valde difor å politimelde kommunen.
Saka gjeld ein familie med to barn, der det blei meldt bekymring om vald i familien før det eldste barnet vart fødd. Familien flytta til Øygarden kommune i 2022. Vi meiner kommunen over tid har vore passive ved å ikkje følgje opp bekymringar om vald med forsvarlege tiltak. Rettstryggleiken og omsorgsbehovet til barna er ikkje varetatt i tråd med regelverket.
Trass i fleire skriftlege avklaringar om saka, og møte med kommuneleiinga om bekymringane våre for kvaliteten i barnevernstenesta våren og hausten 2024, meiner vi at kommuneleiinga ikkje sørga for å rette opp alvorleg svikt. Dette er bakgrunnen for at vi også meinte det var rett å melde Øygarden kommune ved kommuneleiinga til politiet for mogleg grov uaktsam tenestefeil. Det er første gang Statsforvaltaren i Vestland melder ein kommune til politiet på bakgrunn av eit tilsyn med barnevernet. Statsforvaltaren har gitt kommunen pålegg om å rette opp i lovbrota.
Mangelfull oppfølging
Barnevernstenesta i Øygarden henta ikkje inn kunnskap om barnas erfaringar, og gjorde ikkje forsvarlege vurderingar av barnas situasjon og behov. Barna er i liten grad høyrde. Då mor vart drepen i januar 2024, gjorde ikkje barneverntenesta vedtak om omsorgsovertaking og først 26. april same året fatta barneverntenesta vedtak om opphald i fosterheim etter sterkt påtrykk frå Statsforvaltaren. Vi meiner mangelfull oppfølging av bekymringar om vald har fått store konsekvensar for barna.
Oppfølging av lovbrot
Når vi slår fast lovbrot, skal vi følgje opp tenesta fram til praksisen som førte til svikta er endra og vi er trygge på at tilsvarande svikt ikkje vil skje fram i tid. I tillegg til skriftlege tilbakemeldingar var vi på besøk hos tenesta i september i år for å gjennomgå nye undersøkingssaker saman med dei tilsette og leiinga. Under besøket vart vi også orientert om kva for endringar som er gjort i rutinar og oppfølging av tilsette for å sikre at praksisen er i tråd med regelverket. Vi har gitt skriftlege tilbakemeldingar til tenesta undervegs i forbetringsarbeidet.
Etter å ha gått igjennom den siste tilbakemeldinga frå tenesta, vurderte vi at vi kunne avslutte vår oppfølging av Øygarden barnevernsteneste sitt arbeid i denne saka. Vår vurdering er at dei to barna no får dei tenestene dei skal ha frå barnevernet.
Vi meiner at dei strukturelle tiltaka som er sette i verk, og tiltaka for å følgje opp at faglege vurderingar og praksis er i tråd med regelverket, er hensiktsmessige og eigna til å følgje opp at bekymringar, undersøkingar og oppfølging av ny informasjon blir gjort forsvarleg i tråd med lovkrava. Vi følgjer elles opp kommunen sitt forbetringsarbeid gjennom oppfølging av ei anna sak der vi har peikt på ein tilsvarande svikt. Endringane som er iverksette må vise seg ved at tenestas praksis er endra i alle saker, slik at alle saker blir følgt opp forsvarleg. Det følgjer vi framleis med på.