Miljøavdelinga 40 år

I dag, 1. september, er det 40 år sidan miljøvernavdelingane i fylkesmannsembeta vart oppretta.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.09.2022

Miljøvernavdelingane vart oppretta i 1982, ti år etter at Noreg fekk verdas første Miljøverndepartement. Avdelingane skulle sørge for at miljøpolitikken til regjeringa vart sett i verk ute i kommunane og fylka.

Rettleiing, tilsyn og formidling av statleg miljøpolitikk innan forureining og naturmangfald var og er viktige oppgåver. Avdelinga gir løyve etter forureiningslova, og til ulike tiltak på land og i vatn. Vi greier ut og tilrår oppretting av naturvernområde, og er forvaltningsstyresmakt for fleire naturreservat. I tillegg forvaltar vi ei rekkje tilskotsordningar, kartlegg naturtypar og koordinerer tiltak mot framande artar. Andre viktige arbeidsområde er forvaltning av laks og sjøaure, rovvilt og villrein, vassforvaltning og klimaomstilling.

FNs berekraftsmål 

Regjeringa har bestemt at 2030-agendaen med berekraftsmålene skal vere det politiske hovedsporet for å tak i dei største utfordringene vi møter i dag. Statsforvaltaren har eit særleg ansvar for å følgje opp berekraftsmåla på sine fagområde, og skal som ein del av arbeidet formidle relevant kunnskap til andre aktørar i regionen. Fleire av desse måla er sentrale for dei oppgåvene miljøvernavdelinga jobbar med framover.

– Vi har sett miljøforbetring på mange område, samstundes kjem nye miljøutfordringar til. Miljøforvaltning bygd på god lokalkunnskap gir resultat i samarbeid med kommunar og mange andre, seier miljødirektør Kjell Kvingedal, som har vore med sidan 1982.

– Vi har sett miljøforbetring på mange område, samstundes kjem nye miljøutfordringar til. Miljøforvaltning bygd på god lokalkunnskap gir resultat i samarbeid med kommunar og mange andre, seier miljødirektør Kjell Kvingedal, som har vore med sidan 1982.
Foto: Janne Weltzien Listhaug/Statsforvaltaren i Vestland

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner