Statsforvaltaren tilrår regional forskrift i bergensområdet

Statsforvaltaren i Vestland tilrår at regjeringa forskriftsfestar regionale tiltak for tolv kommunar i føretaksområdet til Helse Bergen.

Publisert 02.12.2021

Vi har utarbeidd tilrådingane til regional forskrift i samråd med nasjonale helsestyresmakter. Kommunane i føretaksområdet til Helse Bergen får høve til å kome med innspel før tilrådingane går vidare til Helsedirektoratet og så til Helse- og omsorgsdepartementet. Dersom regjeringa vedtek regional forskrift, er det venta at det vil kunne skje innan førstkommande laurdag.

Vi tilrår å innføre regional forskrift i følgjande kommunar:
Alver, Askøy, Austevoll, Austrheim, Bergen, Bjørnafjorden, Kvam, Osterøy, Samnanger, Vaksdal, Voss og Øygarden.

Vi tilrår at forskrifta omfattar følgjande tiltak:

  • Påbod om bruk av munnbind der det ikkje er mogleg å halde avstand innandørs i det offentlege rom og/eller på kollektivtransport.
  • Påbod om at arbeidsgjevar syter for at tilsette i størst mogleg grad kan uføre arbeid utan auka risiko for smitte på arbeidsplassen, eller ved reiser med kollektivtransport til og frå arbeidsplassen.
  • Avgrensingar i talet deltakarar på private arrangement.
  • Plikt for serveringsstadar og arrangørar til å ha system for å registrere gjester og for å varsle gjester om smitteeksponering.
  • Plikt til karantene fram til negativt prøvesvar på første test føreligg (ikkje berre ei tilråding som no) òg for born i skulealder som er husstandsmedlemer og tilsvarande nære til personar med påvist covid-19, uavhengig av vaksinasjonsstatus. .

Andre kommunar i føretaksområdet

Vi oppmodar dei andre kommunane i føretaksområdet om å følgje tett opp smittesituasjonen i eigen kommune, og kontinuerleg vurdere trongen for forsterka tilrådingar og tiltak. Det gjeld følgjande kommunar: Eidfjord, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Ulvik.

Nødvendige tiltak

Både kommunane og helseføretaka har gitt ei tydeleg tilbakemelding om at presset på tenestene er svært stort. Vi meiner at tiltaka er nødvendige for å halde kontroll på pandemien i regionen, og unngå ein situasjon der det kan vere fare for at kommunane og sjukehusa misser evna til å levere kritiske tenester.

Vi meiner at tiltaka i seg sjølve er lite inngripande for born og unge, privatpersonar elles og næringslivet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.