Høgsterett besøkte Vestland

Denne veka var Høgsterett på rundreise i seks kommunar i Vestland. Målsettinga var å bli betre kjent med fylket.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 23.09.2021

Programmet omfatta besøk på moderne fiskebåtar i Austevoll og omvisning på Fjellstrand båtbyggeri.

I Kvam herad fekk dei mellom anna høyre erfaringar med koronahandtering i ein liten kommune. Frå ordføraren i Voss herad fekk dei høyre om korleis kommunen jobbar med FNs berekraftsmål, og om ekstremsportkommunen Voss. 

Dei besøkande fekk også innblikk i grunderverksemd i Bjørnafjorden, CO2-fangst i Øygarden, næringsliv og kunst i Bergen, og ei orientering hos Gulating Lagmannsrett. 

Noregs HøgsterettJustitiarius Toril Marie Øie. Foto: Høgsterett

Noregs HøgsterettInge Halstensen viser rundt i Bekkjarvik. I midten står ordbørar i Austevoll kommune Morten Storebø. Foto: Høgsterett.

Noregs HøgsterettSalssjef Edmund Tolo viser rundt på Fjellstand båtbyggeri. Foto: Høgsterett.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.