Høyring av verneforslag for Årøy naturreservat i Sogndal

Høyringsfrist:
21. august 2026 23:59
Utsyn frå ei høgde ned på eit delta med skog om kring i eit fjordlandskap
Årøy ligg inst i Barsnesfjorden i Sogndal kommune og er i prosess for å bli naturreservat. Området husar raudlista natur som delta, edellauvskog og strandenger med sjeldne, truga og sårbare artar. Foto: Rein-Arne Golf.

Vi sender forslaget om Årøy naturreservat i Sogndal kommune ut på høyring. Du kan sende innspel til oss om verneforslaget innan 21. august 2026. 

Publisert 03.07.2026

Kandidatområdet Årøy ligg inst i Barsnesfjorden i Sogndal kommune, tilgrensande Luster kommune. Vernearealet vi no sender på høyring er lokalisert på gards- og bruksnummer 4/1, 6/1, 7/2, 7/4 og 7/75, og er hovudsakleg eigd av private grunneigarar. Vestland fylkeskommune eig marginalt litt av arealet i vest mot fylkesveg 55. Det er framforhandla avtale om vern mellom staten og den største grunneigaren av skogdekt areal. Forhandlingane mellom staten og den andre skogeigaren er i sluttfasen.

Arealet har ein storleik 2178 dekar, der grovt rekna 1900 dekar er skogdekt og 1400 dekar av dette er vurdert som produktiv skog. Om lag 195 dekar er i sjø.

Til høgre, under Dokument, kan du lese høyringsdokumentet, sjå framlegget til vernekart og vernereglar.