Høyring av søknad om løyve etter forureiningslova - fjerning av dekkdeponi - Hjelmås

Høyringsfrist:
6. juli 2026 23:00

Alver kommune søkjer om løyve etter forureiningslova til arbeid i sjø utanfor Hjelmås i Alver kommune.  Føremålet er å fjerna dumpa bildekk frå sjøen. 

Publisert 05.06.2026

 I hovudsak skal det fjernast 1 200 m³ med gamle bildekk frå sjøbotnen. Dekkdeponiet har opphav frå 1970-talet, då restmateriale frå produksjon av skytemattar vart deponert utanfor Hjelmås kai. Dekka skal fjernast med grabb frå lekter. Det vil verte nytta sug og/eller siltgardin for å redusere spreiing av partiklar og ureining. 

Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2023/15268. Frist for å gje fråsegn er 6. juli 2026.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn