Høyring av søknad om løyve etter forureiningslova til mottar av reine mineralske massar -NCC Indstry Arna steinknuseverk
- Høyringsfrist:
- 19. juni 2026 23:00
NCC Industry AS avd. Arna steinknuseverk søkjer om løyve etter forureiningslova til mottak, lagring og vidareforedling av reine mineralske massar på eigedom gnr./bnr. 307/443 i Ytre Arna, Bergen kommune.
Mellomlagringa og behandlinga skal gå føre seg i samsvar med gjeldande reguleringsplan¹. Verksemda søkjer om løyve til mottak og mellomlagring av overskotsmasser frå framtidige samferdselsprosjekt i regionen, m.a. Fellesprosjektet Arna-Stanghelle.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2023/13743. Frist for å gje fråsegn er 19. juni 2026.
Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn
- Høyringsfrist:
- 19. juni 2026 23:00