Søknad om løyve til utslepp av reinsa tunnelvaskevatn frå E16 Lærdalstunnelen
- Høyringsfrist:
- 20. februar 2026 23:00
Statens vegvesen søkjer om løyve etter forureiningslova til utslepp av reinsa tunnelvaskevatn frå E16 Lærdalstunnelen i driftsfasen, med utslepp i kommmunane Aurland og Lærdal.
Statens vegvesen søkjer om løyve etter forureiningslova til utslepp av reinsa tunnelvaskevatn frå tunnelens driftsfase, når tunnelen er ferdig oppgradert. I samband med tunneloppgraderinga vil det bli bygd to sedimentasjonsanlegg for vaskevatn frå tunnelvask. Resipientar vil vere Aurlandselvi og Lærdalselvi.
Oppgradering av tunnelen vil inkludere forbetring av dagens reinseløysingane i samband med tunnelvask. Dette inneber at det blir etablert lukka sedimentasjonsanlegg både på Lærdals- og Aurlandssida.
Statens vegvesen har risikovurdert utsleppa ut frå omsyn til laks, sjøaure og andre kjende naturtypar og brukarinteresser og foreslår reinseløysningar og utsleppsgrenser for dei ulike forureiningane som oppstår i vaskevatn frå vask av tunnelar. Ved å følgje desse krava til reinsing av vaskevatn frå tunnelen, meiner Statens vegvesen at vassdraga ikkje vil bli permanent negativt påverka av utsleppa, og at dei økologiske og kjemiske miljømåla kan bli nådd.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2024/18470. Frist for å gje fråsegn er forlenga til 20. februar 2026.
Alle fråsegner vert registrert i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.
- Høyringsfrist:
- 20. februar 2026 23:00
Kontaktpersonar
-
Magne Nesse
Tlf: 55 57 23 35