Høyring av søknad om anleggsarbeid i sjø - etablering badestrand i Etne kommune
- Høyringsfrist:
- 16. januar 2026 23:00
Etne båtlag søkjer om løyve til anleggsarbeid i sjø. Båtlaget vil "friske opp" badestranda med å fjerne eit ca. 30 cm sjikt med "evje" (blaute massar) og så leggje på skjellsand.
Det er estimert at dei blaute massane utgjer 150 m3. Norconsult har teke prøver av massane og analysert for innhald av tungmetall og organiske miljøgifter og det blei ikkje funne konsentrasjonar over god tilstandsklasse (klasse 2). Etne båtlag ønskjer å legge desse massane ut på djupare vatn med gravemaskin frå land. Og etter det skal entreprenør leggje ut skjellsand ved bruk av båt. Det er ønskjeleg å utføre arbeida i perioden mars til medio mai i 2026.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2025/14704. Frist for å gje fråsegn er 16. januar 2026.
Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.
- Høyringsfrist:
- 16. januar 2026 23:00
Kontaktpersonar
-
Magne Nesse
Tlf: 55 57 23 35