Vi startar skogvernprosess i Loen i Stryn og på Katlenova i Hyllestad
- Høyringsfrist:
- 6. september 2025 23:59

Etter dialog med grunneigarane melder vi formell oppstart av skogvernprosess i Loen i Stryn og på Katlenova i Hyllestad. Du er velkommen til å sende innspel innan 6. september 2025.
Vi ønskjer med dette å informere om prosessen som no startar opp etter naturmangfaldlova, og for å innleie til medverknad og innspel frå aktuelle partar.
Mål om 10 prosent vern av skogen i Vestland
Det er ei nasjonal målsetjing om redusere tapet av naturmangfald, og som eit ledd i dette har regjeringa ei langsiktig målsetjing om at 10 prosent av skogen i Norge skal bli verna. Med 3,4 prosent av skogen i fylket verna til no er vi enno langt unna dette målet i Vestland. Med eit vern av to nye naturreservat vil ein komme litt nærmare målet om å ta betre vare på sjeldne og truga artar og naturtypar i fylket.
Kva betyr det at eit område vert verna?
For å ta vare på store og sårbare naturkvalitetar i eit område er det nødvendig med ei verneform som sikrar mot inngrep. Det er difor ønskjeleg å verne disse viktige skogane som naturreservat. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet. Vernet vil òg føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst og andre inngrep.
Brukarinteresser
Grunneigarane vil framleis ha rett til jakt og fangst i samsvar med gjeldande lovverk, og ålmenta vil kunne nytte området til friluftsliv, og sanking av matsopp og bær. Beiting og vedlikehald av sti i samsvar med tilstanden på vernetidspunktet er også generelle unntak frå vernereglane. All ferdsel skal skje varsamt og med omsyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminne. Motorisert ferdsel er forbode, med unntak av naudsynt uttransport av felt vilt eller sjuke/skadde bufe.
Kvar er kandidatområdet Loen og kva verneverdiar finst der?
Kandidatområdet Loen ligg i ei sørvendt fjordside ved Lobukta i Stryn. Tilbodsområdet er lokalisert på gards- og bruksnummer 70/3, 70/6, 70/7, 70/8, 70/11, 70/13, 70/14, 70/15, og 70/26 og arealet er eigd av private grunneigarar. Dei har underskrive tilbod om vern av Loen som naturreservat etter prosedyren om frivillig skogvern. Vi melder oppstart av verneprosess for eit areal med storleik på 778 dekar, der om lag 762 dekar er skogdekt og 362 dekar av dette reknar vi som produktiv skog.
Området vart først kartlagt for biologisk mangfald av Miljøfaglig Utredning ved Geir Gaarder i 2001, deretter i 2009 i samband med supplerande naturtypekartlegging. Nyare kartlegging vart gjennomført i 2024 etter Miljødirektoratet sin NiN-instruks.
Kandidatområdet består i hovudsak av naturtypen gamal fattig edellauvskog, i form av gamal eikeskog med uvanleg mange storvaksne hole eiker. Feltsjiktet varierer frå fattig lågurtskog i nedre delar til rikare lågurtskog i overgang mot alm-lindeskog. Alm-lindeskog er ein raudlista naturtype (nær truga, NT). Boreale lauvtre som bjørk veks jamt over heile området i tillegg til mykje hassel, med lind i øvre og austre delar.
Lokaliteten har ein verdi som svært viktig (A-verdi), mellom anna på bakgrunn av dei mange grove, gamle og ofte hole eikene som veks der. I desse gamle eiketrea er det registrert kravfulle og dels raudlista artar som er avhengige av gamle eiketre. Området er vurdert til å truleg vere ein av dei mest verdifulle edellauvskogane i tidlegare Sogn og Fjordane, da dette er den nordlegaste kjente førekomsten av gammal eikeskog i Noreg.

Kvar er kandidatområdet Katlenova og kva verneverdiar finst der?
Kandidatområdet Katlenova ligg på nordsida av halvøya Katlenova på sørsida av Sørfjorden, inst i Åfjorden i Hyllestad. Tilbodsområdet er lokalisert på gards- og bruksnummer 74/1, 74/2 og 73/2, og er eigd av ein privat grunneigar som har underskrive tilbod om vern av Katlenova som naturreservat etter prosedyren om frivillig skogvern. Vi melder oppstart av verneprosess for eit areal med storleik på 800 dekar, der om lag 600 dekar er skogdekt og 500 dekar av dette er vurdert som produktiv skog.
Tilbodet kom oss i hende den 18.04.2024 og vart kartlagt av Biofokus/Dokkadeltaet nasjonale våtmarkssenter i september 2024 på oppdrag frå Miljødirektoratet. Området Katlenova er vurdert å vere regionalt verdifullt.
Katlenova ligg i sørboreal, boreonemoral og nemoral vegetasjonssone, i eit sterkt oseanisk miljø. Området inneheld på det jamne gamal furu på over 200 år, og det er verdiar med boreonemoral regnskog. I regnskogen og langs dei rikare bekkedraga finnes både unge og gamle tre av svartor. Delar av området er vurdert som kalkfattig mosaikk, og inneheld ein del lyng- og bærlyngskog. Den nordaustlege skråninga inneheld dei støreste naturverdiane i området, der det er opptil 35 dekar med den raudlista naturtypen boreonemoral regnskog (VU). I området er det ei rekke gamle, store tre av osp, samt eit stort tre av lind. Vest i området finn ein edellauvskog med mellom anna gamal hassel. Det er registrert sju raudlisteartar i området, mellom andre kjøttkraterlav og indigorødspore. Lokaliteten har ein verdi som regionalt viktig (B-klasse) og feltsjiktet er verdifullt med svak lågurtnivå.
Innspel og vidare framdrift
Det er ønskjeleg med innspel på verneforslaga slik at prosessen og tema kan bli så opplyst som mogleg. Når innspel til oppstartsmeldinga er vurdert, vil vi sende eit meir detaljert forslag til vern på høyring.
Send innspel til oppstartsmeldinga med brev til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til sfvlpost@statsforvaltaren.no innan 6. september 2025.
For oppstartsbrev med adresseliste, utkast til vernekart, utkast til vernereglar og meir bakgrunnsinformasjon, sjå ramma til høgre i denne saka.
- Høyringsfrist:
- 6. september 2025 23:59
Kontaktpersonar
-
Maria Knagenhjelm
Tlf: 57 64 31 37 -
Nina Srebro
Tlf: 55 57 20 57
Dokument
- Vi melder oppstart av frivillig skogvernprosess for Loen naturreservat i Stryn.PDF
- Utkast verneforskrift Loen naturreservat.PDF
- Loen naturreservat - utkast til vernekart.PDF
- Vi startar verneprosess for Katlenova naturreservat i Hyllestad.PDF
- Utkast til forskrift om vern av Katlenova naturreservat.PDF
- Katlenova naturreservat - utkast til vernekart.PDF