Søknad om løyve etter forureiningslova til næringsmiddelbedrift i Sogndal kommune
- Høyringsfrist:
- 15. august 2025 23:59
Lerum AS søkjer om løyve etter forureiningslova til næringsmiddelproduksjon på Kaupanger i Sogndal kommune.
Lerum AS søkjer om løyve etter forureiningslova for utslepp frå produksjon av saft, brus og juice på 48 300 000 liter årleg og syltetøy på 7 810 tonn årleg for anlegget på Kaupanger i Sogndal kommune. Prosessavløp frå verksemda går til kommunalt nett og kjølevatn går ut i bekk i aust.
Supplerande informasjon om temperaturmåling er lagt ved høyringa 25.06.2025.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2020/3489. Frist for å gje fråsegn er 15. august 2025.
Alle fråsegner vert registrert i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.
- Høyringsfrist:
- 15. august 2025 23:59