Høyring av forvaltningsplanen for Hestad landskapsvernområde

Høringsfrist:
1. mai 2024 23.59
ei kyrkje i framgrunnen med rader med gravsteiner og grøn plen
Hestad kapell ligg i landskapsvernområdet som elles er brukt til rekreasjon og friluftsliv. Vernet vart oppretta så tidleg som i 1972 og er landets eldste med status landskapsvernområde. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Tom Dybwad.

Hestad landskapsvernområde i Sunnfjord er det eldste landskapsvernområdet i landet, og no har vi laga eit framlegg til forvaltningsplan for dette flotte området. Du kan sende innspel til planen innan 1. mai. 

Publisert 07.03.2024

Hestad landskapsvernområde vart oppretta i 1971 som det første landskapsvernområdet i Noreg, og ligg i Sunnfjord kommune. Statsforvaltaren i Vestland er forvaltningsstyresmakt for landskapsvernområdet og har hatt arbeidet med å skrive ein forvaltningsplan.

Føremålet med verneområdet er å verna det særmerkte i eit vakkert naturlandskap som ramme om eit kulturminne. Det har lenge vore behov for ein forvaltningsplan for landskapsvernområdet, og oppstartsmelding om arbeidet vart sendt ut i 2023.

Kva er ein forvaltningsplan?

Ein forvaltningsplan skal vere eit hjelpemiddel for å oppretthalde verneformålet og for å fremje verneverdiane. Forvaltningsplanar blir utarbeidde innanfor rammene av vernereglane. Den skal både fungere som rettleiar for forvaltningsstyresmaktene og bidra til å gjere det meir føreseieleg for folk som t.d. ønskjer å søkje om å gjennomføre eit tiltak eller ein aktivitet innanfor vernegrensa.

Ein forvaltingsplan er ikkje eit juridisk bindande dokument, men skal avklare handtering av verne- og brukarinteresser i området.

Ein rasteplass med benker og trær rundt
Det er store allmenne bruksinteresser knytt til landskapsvernområdet, samstundes som det er store natur- og kulturverdiar her. I 2019 opna Statens vegvesen/Nasjonale turistvegar ein rasteplass som ligg innanfor vernegrensa i nord. Foto: Statens vegvesen/ Nasjonale turistveger.

Fleire aktørar kom med innspel til oppstarten av forvaltningsplanarbeidet

Det kom 6 innspel til oppstartmeldinga om forvaltningsplanarbeidet: Sunnfjord kommune, Vestland fylkeskommune kulturavdelinga, Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), Fortidsminneforeningen, Fortidsminneforeningen Fjordane Lokallag, og frå tilsyns- og driftsansvarleg for Hestad kapell. Innspela er innarbeidde i framlegget til forvaltningsplan så langt det har late seg gjere i medhald av verneforskrifta.

Det kan vere aktuelt å arrangere ei synfaring og eit ope møte som ein del av høyringa av framlegget til forvaltningsplan. 

Hestad landskapsvernområde har store allmenne interesser

Fv 610 går gjennom landskapsvernområdet, med ein nyleg etablert rasteplass i Nasjonal Turistveg sin regi. Det er mykje bruk av området særleg om sommaren på varme sommardagar med badeliv. Rett ved landskapsvernområdet i nord ligg Hestadgrend bedehus.

Kva kunnskap og rammer ligg til grunn for planprosessen? 

Kunnskapsgrunnlaget om naturmangfaldet i landskapsvernområdet er brukbart etter at Miljøfaglig Utredning gjorde ei artskartlegging i landskapsvernområdet sommaren 2023.  Vi vurderer kunnskapsgrunnlaget til å vere godt nok for gjeldande bruk og skjøtsel. 

Verneforskrifta for Hestad landskapsvernområde er frå 1971. Oppdatering av verneforskrifta er ein lang prosess, og oppdatering av verneforskrifter for landskapsvernområde er ikkje prioritert nasjonalt i dag. Verneforskrifta er såleis ikkje tema no.

Nytt sidan opprettinga i 1971 er naturmangfaldlova frå 2009 med ein generell dispensasjonsheimel (§ 48 i naturmangfaldlova). Denne gjeld også for Hestad landskapsvernområde, og gjev etter vårt syn både tilstrekkeleg vern og naudsynt fleksibilitet for å få til ei god forvaltning av Hestad landskapsvernområde.

Sjå dokument til høgre i denne artikkelen om verneforskrifta for Hestad landskapsvernområde og § 48 i naturmangfaldlova.

Vidare framdrift

Vi vil innarbeide innkomne innspel til framlegget til forvaltningsplan så langt som mogleg innanfor ramma av verneforskrifta. Vi reknar med å godkjenne forvaltningsplanen hausten 2024. Den vil då bli tilgjengeleg på våre heimesider. 

Vi ber om innspel til arbeidet med forvaltningsplanen innan 1. mai 2024.

Ta gjerne kontakt!