Søknad om utsleppsløyve til tiltak i sjø i Stekervika

Høringsfrist:
26. april 2024 23.59
Kart over Stekervika
Oversikt over Lillestora, Knarrvika, Straume. Rosa rute viser Stekervika slik det er i dag, før utbygging av Rv. 555.

Statens vegvesen søkjer om løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø i Stekervika i samband med Rv. 555, Sotrasambandet i Øygarden kommune.

Publisert 19.03.2024

Som del av Sotrasambandet og ny Rv. 555 skal det byggast ny sykkelveg og ein tilførselsveg ved Arefjordpollen. Vegen fører til behov for utfylling på land og utfylling i sjø ved Stekervika.

Steinmassane som skal nyttast til utfylling vil vere overskotsmassar frå andre stader i vegprosjektet, stort sett frå sprengingsarbeidet i Straumetunnelen. Start av arbeida er planlagt med oppstart i starten av 2024, med ein varigheit på 10-12 månader.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2022/16836. Frist for å gje fråsegn er 26. april 2024.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.

Høringsfrist:
26. april 2024 23.59