Søknad om utfylling i sjø for utviding av landareal Onarheim 153/1 Tysnes kommune

Høringsfrist:
26. april 2024 23.00
Planlagd utfylling er vist med lilla farge, Kjelde Kystinfo med reguleringsplan inntegna

Alsaker Brygge AS søkjer om løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø for å vinne nytt landareal nord for Elsåkervågen i Tysnes kommune. 

Publisert 20.03.2024

Tiltaket er ifølge søknaden i samsvar med gjeldande reguleringsplan for området. Planlagt oppstart for utfylling er i mai 2024, og ein forventar at det vil vere ferdigstilt i januar 2025.

Det skal fyllast ut om lag 150 000 m3 steinmassar som er sprengt ut lokalt, og dei skal fyllast ut frå land over ein sjøbotn på om lag 9 000 m2. Elektronisk tennsystem skal nyttast ved sprenging av fjell på land, og det skal ikkje utførast undervannssprenging.

Djupet for utfyllinga går ned til minus 35 meter. Arbeida skal utførast utanom gytesesongen for kysttorsk, som varer frå februar til ut april.

Resipientanalyse har teke prøvar frå fire prøvestasjonar av sjøsedimenta like utanfor planlagd sjøfylling, og sjøbunnen er lite forureina. Tre av fire prøver er ikkje forureina, medan éin prøve har nokre PAH-komponentar i tilstandsklasse 3 og 4.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2024/2188. Frist for å gje fråsegn er 26. april 2024.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn

Høringsfrist:
26. april 2024 23.00