Søknad om anleggsarbeid i sjø og vassdrag for renovering av Sævareid Fiskeanlegg

Høringsfrist:
26. april 2024 23.00
Oversiktskart viser lokalisering av tiltaksområdet A i basseng/nedre del av elva (svart figur) og tiltaksområde B sør for brua (svart ellipse). Raud line viser ny betongmur, grøn line viser trase sjøleidningar

Sævareid Fiskeanlegg skal gjennomføre tiltak i nedre del av Sævareidselva og den innerste delen av Sævareidfjorden i samband med renovering av fiskebruket.

Publisert 22.03.2024

Det skal mudrast ei grøft (areal 800 m2, volum på 500 m3) for to nye sjøleidningar frå fiskebruket.

I elva skal fem betongsøyler fjernast, som står festa til elvebotnen (disse søylene held oppe eit eksisterande bygg over elva som skal fjernast), og den eksisterande natursteinsmuren skal fjernast og erstattast med ei ny betongmur. 

Mudring i sjø skal utførast frå ein lekter med gravemaskin. Muddermassane skal hovudsakleg nyttast til å fylle  rundt nye sjøleidningane.

Multiconsult har risikovurdert arbeida og føreslått avbøtande tiltak som er beskrivne i kapittel 8 – 10 i den vedlagde rapporten. Hovudomsynet er å ivareta anadrome fisk si vandring opp og ut Haugaelva, som har utløp midt i tiltaksområdet, blant anna ved å ikkje utføre arbeid i sjø/vassdrag i perioden frå 1. august til 30. september.

Arbeid i elv og sjø er planlagt frå mai 2024 til desember 2024, men avhengig av framdrift kan dette bli forskjøvet til første halvår 2025, seinast juni 2025.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2024/2339. Frist for å gje fråsegn er 26. april 2024.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.